Meny

Lokal leiing ved alle sjukehus

God leiing av sjukehusa er viktig for å sikre kvalitet og pasienttryggleik for pasientane, og godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Ved sjukehusreforma er det mange plassar vorte vanleg å organisere drifta i ein klinikkmodell. Det betyr at sjølv store lokalsjukehus ikkje lenger har eiga leiing. Hordaland Senterparti meiner det er eit krav at alle lokale sjukehus har ei lokal leiing.

 

Hordaland Sp krev lokal leiing ved alle sjukehus

 God leiing av sjukehusa er viktig for å sikre kvalitet og pasienttryggleik for pasientane, og godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Ved sjukehusreforma er det mange plassar vorte vanleg å organisere drifta i ein klinikkmodell. Det betyr at sjølv store lokalsjukehus ikkje lenger har eiga leiing.

 Dei ulike avdelingane er styrte frå eit anna og større sjukehus, og har ein overordna sjef som arbeider ved det andre sjukehuset. Eksempel på stader i Hordaland dette gjeld, er Stord, Valen og Odda.

 Klinikkorganiseringa har bidratt til sterk sentralisering av tilboda, ved at lokalsjukehusa stegvis har blitt tappa for oppgåver.

 Hordaland Senterparti meiner det skal vere eit krav at alle sjukehus, som er store arbeidsplassar og som yt kompliserte tenester, sjølvsagt må ha eiga lokal leiing. Stadleg (lokal) leiar må ha personalansvar, økonomisk ansvar og fagleg ansvar for sjukehuset.