Meny
Bli medlem

Lokalt folkestyre- Friviljug kommunesamanslåing

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Høgre og Frp sin inngang for å slå saman små kommunar byggjer på påstandar og myter. Det er ein mistillit til alle dei som arbeider i desse kommunane og kvar dag leverar flotte tenester. I tillegg konstaterar ein at Erna Solberg har vore på Sørlandet og «freda» eigne kommunar. Senterpartiet trur på einskildmennske og lokalsamfunn i motsetnad til Høgre og Frp som vil bestemme frå Oslo!

 

Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Vårt verdisyn byggjer på at einskildmenneske tek ansvar for

eigne liv og finn saman i fellesskap, for å styre lokalsamfunn og nasjonalstat. Kjernen i vårt demokratisyn

er trua på et sterkt, lokalt folkestyre og desentralisering av makt og mynde. Avgjersler vert best når dei vert teken nært den det gjeld. Lokal styring er det rette, det styrkjar fellesskapet og er soleklårt det mest effektive.

Det lokale folkestyret er viktig fordi det gjer det mogleg for fleire og lettare for alle å engasjere

seg, og deltake i politiske prosessar. Når fleire er involvert før avgjersler vert teken forankras demokratiske vedtak i et breiare lag av folket. Dette styrker tilliten til demokratiet.

Lokalt forankra avgjersler fører på denne måten til at mange føler eigarskap til samfunnsutviklinga.

Det bygger sterke lokale og nasjonale fellesskap, og styrkjer opplevinga av og vere ein del av noko

 

På tross av at mange bygder er under press og har folketalsnedgang har den raudgrøne regjeringa greidd å snu tendensen. Fleire kommunar har folketalsauke enn tidlegare. Den norske distriktspolitikken er difor ein suksesshistorie som saknar sitt like. Nesten ingen andre land har greidd noko tilsvarande.

Vi har lukkas å bevare busetnad i alle delar av landet. Noreg har eit av verdas finaste av kulturlandskap. Verdiskapning skjer i heile landet. Dette kjem ikkje av seg sjølv men som ein konsekvens av politisk vilje.

Landet vårt er ein geografisk smeltedigel med store forskjellar og kontrastar.

 

Dette, saman med den store geografiske variasjonen, gjer det rett å behalde ein mangfaldig kommunestruktur. Både dei største og de minste kommunane har etter vårt syn livets rett. Senterpartiet er ikkje imot kommune samanslåing men det en føresetnad at eventuelle endringar av kommunegrenser skal skje friviljug. Det må være godt forankra i befolkninga gjennom direkte medverknad. For eksempel gjennom lokal folkeavrøysting.

 

Det er og ein myte slik Høgre hevdar at ein må slå saman små kommunar grunna mangel på kompetanse. Kommunane er gode på å samarbeide om oppgåver. Det finst heller ingen undersøkingar som seier at tenestetilbodet er dårlegare i små kommunar- snarare tvert i mot.

 

I den grad det kan verke logisk å diskutere kommunesamanslåing så er det i tilfelle der nye vegar og bruer har endra avstandar dramatisk eller der areal- og samferdsle utfordringane er store og kommuneovergripande. Då snakkar vi om dei store byane med omkringliggjande store kommunar. Eksempel på dette er Oslo/Bærum/Asker. Men den same føresetnaden gjeld her. Det er opp til innbyggjarane i og rundt hovudstaden å bestemme dette, ikkje i Telemark.