Meny

Lokalt sjølvstyre for motorferdsle i lokal utmark

Tida er overmoden for endringar som syter for at regelverket for motorferdsle i utmark blir avbyråkratisert og sterkare forankra i det lokale sjølvstyret. Hordaland Senterparti meiner kommunane ved dei folkevalde er best skikka til å forvalta motorferdsle i lokal utmark, i tråd med nasjonale retningslinjer for miljøvern. Det er meiningslaust at byråkratar og politikarar i hovudstaden, som ikkje kjenner dei lokale forholda, skal detaljstyra denne forvaltninga.

Regjeringa fekk i 2009 gjennomført endringar i regelverket i positiv retning for m.a. næringskøyring, samt for rekreasjon og tilgjengelegheit for grupper som har vanskar for å ta seg ut i naturen på eiga hand. 

 Me ynskjer no ei vidare endring i regelverket, i tråd med Sp sitt stortingsvalprogram: ”Kommunar må blant anna få høve til å oppretta avgrensa løyper for fritids- og rekreasjonskøyring med snøskuter gjennom prosessar heimla i plan- og bygningslova.”

 Hordaland Senterparti støttar opp om landsstyret til Sp sin uttale frå november 2012, der ein ber regjeringa snarast legga fram endringar i lov om motorferdsle i utmark, som overfører mynde til kommunane på dette området.