Meny
Bli medlem

Lovforslag om å redusera innleige frå bemanningsbyrå

Sist endret: 27.09.2020
Per Olaf Lundteigen framsette torsdag 17. desember i Stortinget eit lovforslag om redusert innleige frå bemanningsbyrå på vegne av seg sjølv, Kjersti Toppe og partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Forslaget har fått namnet Dokument 8:32 L (2015–2016) og kan lesast her:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2015-2016/dok8-201516-032/
Forslagsstillarane føreslår at arbeidsmiljølova § 14-12 andre ledd vert oppheva, slik at det berre skal vera mogleg med innleige av arbeidstakar frå verksemd som har til føremål å driva utleige (bemanningsbyrå) i same utstrekning som det kan avtalast mellombels tilsetting for etter arbeidsmiljølova § 14-9 fyrste ledd bokstav a til e. Forslagsstillarane føreslår at lovendringa skal gjelda frå 1. juli 2016. Stortinget vil votera over forslaget i vårsesjonen, etter at arbeids- sosialkomiteen har gjeve si tilråding til Stortinget.

Bakgrunnen for forslaget er at fast tilsette i ulike bransjar og yrke vert erstatta av tilsette frå bemanningsbyrå, i all hovudsak tilsette frå land i Aust-Europa. Dette er mogleggjort av det tilbodssjokket som den norske arbeidsmarknaden har vore utsett for etter at Den europeiske union (EU) vart utvida austover i 2004.
Senterpartiet ser dette lovforslaget som ei oppfølging av representantforslaget som Senterpartiet fremja tidlegare i år om å forby visse typar tilsettingskontraktar i norskregistrerte føretak, jf. Dokument 8:104 S (2014–2015) med tilhøyrande Innst. 368 S (2014–2015) som kan lesast her:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Saker/Sak/?p=62590