Meny
Bli medlem

Målretta svekking av distrikta

Sist endret: 27.09.2020
Det er eit tungt ansvar som no ligg på Venstre og KrF sine skuldre for å sikre eit inntektssystem som set kommunane i stand til å levere gode tenester til folk uavhengig om dei er «frivillig eller ufrivillig små» og uavhengig kor folk bur, skriv Bjarne Bø, Per Rune Vereide og Karoline Bjerkeset.
 
 
 
 

- av Bjarne Bø, leiar i Gloppen Senterparti, Per Rune Vereide, gruppeleiar, Gloppen Senterparti og Karoline Bjerkeset fylkesstyremedlem, Sogn og Fjordane Senterparti
 

Inntektssystemet for  kommunane som kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har sendt ut på høyring, syner med all tydelegheit at inntektssystemet skal vere eit middel for å få slått i hop kommunar og ikkje om korleis vi skal forme landet vårt i framtida.
 
Inntektssystemet legg grunnlaget for velferdstenester og lokal utvikling i alle landets kommunar og er nøkkelen til korleis vi ynskjer at landet skal sjå ut. Det er difor viktig at inntektssystemet vert handsama som den store og viktige saka det er og at ein søkjer breie forlik om dette. Vert framlegget vedteke slik det ligg føre, vil Senterpartiet arbeide for å endre dette ved eit nytt stortingsfleirtal i 2017.
 
Høyringsframlegget  legg opp til ei svekking av distrikta. Historisk har det vore brei semje om at vi skal ha ein aktiv distriktspolitikk og at det skal bu folk i heile landet som kan nyttiggjere seg av naturressursrikdomen som ligg i distrikta. Skal det bu folk overalt, er desse avhengige av at kommunane kan gje dei velferdstenester der dei bur og at kommunane ikkje vert svekka økonomisk og vert difor tvinga til å sentralisere tenestetilbodet. Forsvinn skular, omsorgstilbod og andre tenester i grendene, er det vanskeleg å oppretthalde busetnaden på sikt. 
 
Det må bu folk  på desse stadene for å skape bedrifter og inntekter til AS Noreg med utgangspunkt i dei ressursane som ligg der, enten det er kraft, fisk- og eller jordbruksproduksjon, mineral, olje eller gass. Dette er suksesshistora bak petroleumsnæringa, vasskraftproduksjonen, aluminiumsproduksjonen, landbruket, havbruket og fiskeria. Desse næringane er lokalisert - ikkje i sentra, men i utkantane, i distrikta. Vi finn dei på stader som Årdal, Høyanger, Hyen, Byrkjelo og Svelgen. Dei ligg ikkje i Førde, Sogndal eller Bergen for den saks skuld, men ligg på stader som antakeleg aldri vil verte karakterisert som senter eller by. Sentra har tenester som bygger opp under distriktsnæringane; utdanning og forsking, konsulenttenester av ulikt slag og andre tenesteytande næringar. Slik er byane og sentra avhengig av distrikta og omvendt.
 
Fylket leverer store verdiar til andre delar av landet og gjev vårt bidrag til at landet går godt. Inntektssystemet legg opp til ei sentralisering som særleg vil ramme distriktsfylket framfor nokon; Sogn og Fjordane. Årleg vil kommunane tape 70 millionar kroner (Firda 16.01.16). Dette er pengar som i dag vert brukt til skule, barnehage, omsorgstenester og næringsutvikling.
 
Kommunane kan levere gode tenester, sjølv med få innbyggarar, fordi det har vore politisk vilje på Stortinget til dette. Stortingsfleirtalet har til no sett at det er ein verdi i at det bur folk over heile landet. Dette ser ikkje ut til å gjelde lenger. Regjeringspartia brukar inntektssystemet målretta til å tvinge på folk flest endringar dei sjølve ikkje ynskjer. Dei legg opp til større forskjellar mellom distrikt og sentrale strøk og til auka forskjellar i levekår mellom folk. At det heile vert sukra med at kommunane skal få behalde sine tilskot i 15 år, er eit tynt forsøk på å tildekke konsekvensane.
 
Femten år i ein kommunal kvardag er ikkje lang tid. Kommunane må straks setje i gong eit arbeid for å slanke utgiftene for å førebu seg på den nye økonomiske kvardagen om dette vert vedteke. Utsagn av typen «at ting kan endre seg», «det er usikkert kva som skjer om 15 år» og ein tankegang om at «det ordnar seg sikkert» er å vere useriøs. Vi snakkar om korleis velferdssamfunnet i Noreg skal vere. Det fortener noko meir seriøs debatt om verknadane, ikkje minst fortener innbyggarane å vite kva som kan skje.
 
Spørsmålet knytt til inntektssystemet bør ikkje vere ja eller nei til kommunereform slik som Høgre og Framskrittspartiet legg opp til, men om ein ynskjer levande distrikt som framleis kan leverer verdiar vi skal leve av og som skal finansiere velferdstenestene våre. Spørsmålet vert om vi meiner at det er verdifullt at det bur folk over heile landet og at vi skal gjere oss nytte av dei rike ressursane landet vårt har.
 
Det er eit tungt ansvar som no ligg på Venstre og Kristeleg Folkeparti sine skuldre for å sikre eit inntektssystem som set kommunane i stand til å levere gode tenester til folk uavhengig om dei er «frivillig eller ufrivillig små» og uavhengig kor folk bur.