Meny
Bli medlem

Mange distriktskommunar med auke i folketalet

Sist endret: 27.09.2020
Det viser tal frå SSB for folketalsutviklinga i andre kvartal 2013. 182 av 304 distriktskommunar hadde vekst i folketalet. Dette er på same høge nivå som vi har sett dei seinare åra.

 

Alle fylka hadde vekst i folketalet, med unntak av Sør-Trøndelag, der det var ein liten nedgang. Hordaland har for fyrste gong over 500 000 innbyggjarar. For sjette år på rad har dei minst sentrale kommunane i landet hatt ei samla auke i folketalet i andre kvartal. Folketalet i Noreg per første juli 2013 var om lag fem millionar og syttiåtte tusen.

Innvandringa stod for 58 prosent av veksten på landsbasis i andre kvartal 2013. Takka vere innvandringa, fekk 53 distriktskommunar positive tall i staden for negative i andre kvartal i 2013.

–  At det bur menneske over alt i landet er eit symbol for det norske. Spreidd busetnad er med på å definere Noreg sin identitet og attraktivitet. Difor er det gledeleg at me under denne regjeringa samla sett har den beste folketalsutviklinga i Distrikts-Noreg på over 30 år, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.