-
Dette viser eit stort engasjement knytt til kven som skal vere fylket sine folkevalde – samtidig viser det at det er mange gode kandidatar å ta av. Dette er bra for Senterpartiet og den vidare nominasjonsprosessen, seier Sande
-
Blant dei mange namn som er komne inn finn vi også personar som ikkje er medlemmer av partiet. Vi gjekk denne gongen ut og ba om innspel frå alle innbyggarane i fylket og det har også ført til innspel som no blir med vidare i nominasjonsarbeidet.
-
Nominasjonsnemnda har spurt dei noverande representantane om dei vil stå på lista eller ikkje. Mange har lyst å vere med vidare og det er bra, seier Sande.
Det er lokallaga i Senterpartiet som no tek nominasjonen vidare, gjennom at dei skal spele inn framlegg til korleis lista skal sjå ut innan 20. september i år.
-
No vert det ei runde i lokallaga der dei skal prioritere dei ulike namna på ei liste – så byrjar det krevande arbeidet med å forme eit endeleg framlegg til liste som skal presenterast for nominasjonsmøtet i partiet i november, seier Sande som oppfordrar alle partimedlemmer til å ta del iominasjonsarbeidet.
Senterpartiets Nominasjonsmøte vert halde 14. november 2014.