Meny
Bli medlem

Markerte verda sin miljødag

Sist endret: 27.09.2020
Bondelaget på Tysnes og Tysnes Senterparti markerte verda sin miljødag med stand og innsamling til CARE Noreg laurdag 1.juni i Våge, skriv Tysnesbladet.


På standen fekk folk servert vaflar og pølser, alt var sponsa av Bondelaget og Nortura. I tillegg selde ein lodd og samla inn pengar til CARE-prosjektet i Tanzania. Totalt kom det inn kr 1.750,-. Norad legg til ni kroner per krone som vart samla inn, det vil seia at på Tysnes samla ein inn 17.500 kr. 93 % av desse går direkte til CARE sitt arbeid i Tanzania, medan 7 % går til administrasjon.

Leiar i Tysnes Senterparti, Solfrid Burkeland Smith opplyser at arrangørane var godt nøgde med resultatet av innsamlinga, sjølv om ein hadde håpa på litt betre ver …, melder Tysnesbladet.