Meny
Bli medlem

Martha Tærud tilsett som kontorsekretær

Sist endret: 27.09.2020
Martha Tærud (27) frå Steinsgård i Nannestad i Akershus er tilsett i 60%-stilling i eit vikariat som kontorsekretær for Senterpartiet i Oslo og Akershus.


 

 
Martha Tærud har brei erfaring frå Senterungdommen, som både tidlegare fylkesleiar i Akershus og noverande sentralstyremedlem. Martha er no også lokallagsleiar i Nannestad Senterparti. Av utdanning har Martha Tærud studert utøvande scenekunst i Sør-Odal og på Bårderakademiet i Oslo. Martha har studert språk og religion både ved NTNU i Trondheim og ved Blindern i Oslo.
 
Martha Tærud går inn i eit års vikariat til stillinga som kontorsekretær for Senterpartiet i Oslo og Akershus etter Syver Zachariassen, som i slutten av februar vart vald til ny leiar i Ungdom mot EU. Martha startar i jobben etter påske.