Meny
Bli medlem

- Me treng kortreist beredskap

Sist endret: 27.09.2020
- Brannane i Lærdal og Flatanger har synt kor viktig det er å ha god lokal beredskap. Det har synt at me treng kortreist beredskap! Avgjerder skal takast nærast mogeleg dei det gjeld. Det handlar om tillit til at folk veit best sjølv kva dei treng, ikkje regjering og sentralmakt. Det handlar om at lokaldemokrati er ein verdi i seg sjølv, sa partileiar i Senterpartiet Liv Signe Navarsete på partiets landsstyremøte på Gran på Hadeland i dag.

 

Den sokalla brannstudien, nedsett av DSB, foreslår å redusere talet på brannvesen frå dagens 295 til 18 eller 19. Politianalysen føreslår ei reduksjon til 6 politidistrikt og 210 tenestestader. På toppen kjem større og sokalla ”robuste” kommunar.

- Me i Senterpartiet vil heller bygge samfunnet nedanfrå, også når det gjelder beredskapsarbeid. Kommunesektoren må gjerne ha reformer, men det er farleg å gje medisinering før ein veit kva problemet er. Mytane er mange, og mange er feil. Før Høgre-Frp-regjeringa handsamar kommune-Noreg vil Senterpartiet at de undersøker først. Kanskje vil ein som Nils Christie nyleg sa i Aftenposten finne at det ikkje berre er tenester folk vil ha, men deltaking, framheva Navarsete.

 

Inst i oss senterpartister ligg respekten for det grunnlovsfesta folkestyret. Me i Noreg skal bestemme over oss sjølv. For den nye regjeringa sit det lenger inne å konsultere Stortinget før ein gjev frå seg makt til Brussel. Det er underleg sidan grunnlova krev 3/4 fleirtal for å avgje suverenitet. Dette tar ikkje den blå-blå regjeringa så tungt, heller ikkje stortingsfleirtalet. Det er ein underleg opptakt til grunnlovsjubileet som me feirar i år.

 

Det går ei line frå Senterpartiet sitt nei til Frp i 1985/86, via usemja med Høgre om konsesjonslovene for å sikre nasjonalt eigarskap og råderett over naturressursar i 1990 og fram til den raudgrøne regjeringa i 2005.

- Eg har søkt å føre den lina vidare på vegne av eit breidt fleirtal i Senterpartiet sine demokratiske organ. Eg har faktisk dag og natt kjempe for Senterpartiets sin politikk. Eg har vore tydelig og etter enkelt si meining for tydelig. Med det er ærleg og det er meg. Dersom me skal lukkast i politikken må me vita kva me sjølv vil.

 

Sp sette i dag ned valnemnda som skal innstille medlemer til nytt arbeidsutval og sentralstyre.

- Dette var naudsynt fordi alle senterpartistar har eit felles mål: Mest mogeleg gjennomslag for våre verdiar og vår politikk, og no er vi der, sa Liv Signe Navarsete til sine partikollegaer.