Meny
Bli medlem

Meir mat med både store og små bruk

Sist endret: 27.09.2020
Senterpartiet vil ha store og små bruk i heile landet. Kun på den måten kan landbruket løyse oppgåva med å produsera meir trygg og god mat til det norske folk, skriv Geir Pollestad, Sps landsbrukspolitiske talsmann.

Av Geir Pollestad, Stortingsrepresentant og landbrukspolitisk talsmann i Senterpartiet


Skal ein nå målet om å auka norsk matproduksjon så må ein nytte ressursane i heile landet. Regjeringa sin politikk er ikkje god for verken store eller små bruk. Det er brei semje om at dei små og mellomstore bruka kjem dårleg ut med regjeringa sitt tilbod.

 

Eg meiner også at dei som driv stort har mykje å tape på regjeringa sin politikk. Dei to siste åra har ein auka melkeprisen med 35 øre. Det er særs viktig for inntekta til dei som produserar mykje melk. Ein føresetnad for at ein har hatt moglegheit til dette er tollvernet. Eg finn grunn til å minne at både Høgre og Framstegspartiet har vore særs kritiske, både i EU-hovudstaden og her heime, til tollendringa som den førre regjeringa gjorde.


For ein bonde som skal produsera ein million liter melk utgjer auken i melkeprisen 350 000 kroner. Dette har vore mogleg fordi stortinget, mot røystene til Høgre og Framstegspartiet, har sikra eit effektivt tollvern. Det er fort gjort å la seg begeistre av snakk om større einingar, men ein må vera klar over at regjeringa står klar til å setje krossfot på dei store bruka så raskt dei får høve til det.


Senterpartiet vil ha store og små bruk i heile landet. Kun på den måten kan landbruket løyse oppgåva med å produsera meir trygg og god mat til det norske folk.