Meny
Bli medlem

Minneord Ole Tom Ophus

Sist endret: 27.09.2020
Vår gode kollega Ole Tom Ophus ble brått reven bort frå oss i ei tragisk ulykke på laurdag. Her er minneorda Senterpartileiar Liv Signe Navarsete heldt til partiets landsstyremøte.

Minneord Ole Tom Ophus

 

Vår gode kollega Ole Tom Ophus ble brått reven bort frå oss i ei tragisk ulykke på laurdag.

Ole Tom var ein personlegdom i partiet. Ein personlegdom å bli glad i, ein personlegdom å ha respekt for. Han var eit sosialt menneske som batt folk saman og han var grunnleggjande varm. Ole Tom spreidde hyggje rundt seg og eg trur at me alle som er her har opplevd Ole Tom med brennande engasjement både for sak og det sosiale liv.

Ole Tom er ein av dei som har brukt enormt mykje tid og brent veldig mykje energi for partiet. Han var tilsett i partiet i 15 år. Han har reist Hedmark på kryss og tvers som fylkessekretær, som ungdomspolitikar og som fylkespolitikar. Ingen kjenner tillitsmannsapparatet i Hedmark som han. Ole Tom var ikkje elite-politikaren, ikkje strømlinjeforma, men særs oppteken av å sjå folk, sjå nære ting og å finne løysningar.  Dei Nære ting er eit viktig stikkord – for Næroset var Ole Tom sin heimstad og han var dugnadsmannen og leiar av Lucky Næroset. Han var eit grunnleggjande engasjert samfunnsmenneske frå det lokale til det nasjonale. Nærskulediskusjonane i Ringsaker er ein av dei sakene der man verkeleg kunne sjå ektebrennande engasjement hos Ole Tom – ingen var i tvil om kva han meinte.

I mange år, men ikkje minst i mange valkampar har Ole Tom arbeidd døgnet rundt for at me alle i fellesskap skulle få større gjennomslag for vår politikk.   Ole Tom var ein familiemann og aktiv gardbrukar med store ambisjonar for å bygge opp eige bruk. Noe han og har klart. Me er han og familien særs takksame for all innsats som har blitt lagt ned for samfunnet og partiet. 

Senterpartiet har mista ein varm, nær, folkeleg og kjær tillitsmann og tilsett når Ole Tom gjekk så brått bort. Ole Toms minne vil vere fylt av alle dei gode opplevingane han har gjeve oss- minner som  gjør at hans minne vil være lyst!

 

Ole Tom ble 48 år.

 

Me lyser fred over Ole Toms minne med eitt minutts stillheit.