Meny

minsak.no - for ein betre kommune!

Vil du føreslå saker for å gjere kommunen din til eit betre kommune? spør fylkesleiar Anne-Nora Oma Dahle

Kommunal- og regionaldepartementet har opna ein nettportal for innbyggjarinitiativ. Liv Signe Navarsete vil gje innbyggjarane mogleik til å fremme saker for kommunestyret.

Nettportalen vil gjere det mogleg for deg å fremje forslag elektronisk på bakgrunn av paragraf 39a i kommuneloven. Ved å foreslå saker og samle nok underskrifter, har du som fremjar forslaget krav på at kommunestyret handsamar saka. 

Dette er eit viktig steg i arbeidet med å nytte moderne teknologi for å utvikle lokaldemokratiet. Folk skal lettare kunne fremje saker og ta hand om interessene sine når det er lagt til rette for å fremje innbyggjarinitiativ på Internett. 

Senterpartiet vil at du skal vere med på å gjere kommunen din til ein betre plass å bu i! Me vil at du kjem med dine interesser og meiningar til kommunestyret! Det er eit ekte lokaldemokrati i praksis. Kven vert fyrste kommunen i Telemark som får opp ein sak på denne måten? Sjå meir på misak.no