Meny

Misser borna i Arna svømmetilbodet sitt?

Bjørdal er uroa over at kostnadene ved bygginga av svømmelanlegget på Helleren i Bergen sentrum skal føre til at bydelane misser svømmetilboda sine. Han stilte difor spørsmål til byråd Gunnar Bakke om framtida til svømmehallen på Garnes.

Her er spørsmålet Bjørdal stilte:

"Sist veke vart det sendt ut skriv frå aksjonen «Bevar svømmehallen i Arna». Det vart uttrykt uro for at symjehallen i Arna vart lagt ned når den nye symjehallen på Nygårdstangen blir opna.

Det er stor aktivitet i hallen både frå skular og ulike lag og klubbar. Symjehallen i Arna er aktivt i bruk frå kl 08 til kl 21:30, fem dagar i veka. To dagar i veka frå kl 06, samt også i helgane.

Blir symjehallen i Arna lagt ned?

Vil den nye hallen ha kapasitet til å ta i mot tidlegare brukarar av nedlagde hallar slik at dei minst får eit like godt tilbod som i dag?

Kva tiltak vil ein setje i verk for å sikre at elevar m.a. i Arna får like god eller betre symjeundervisning enn i dag?"

Byråden ville ikkje svare klart på dette før ei arbeidsgruppe som vurderer svømmetilbodet i heile Bergen kommune har gitt rapport.