Meny
Bli medlem

Motmakt mot sentralmakta

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Ingen kan skulde regjeringa for å ikkje levere. Dei siste dagane har blå-blå politikk slått nedover fylket med full tyngde.

Jordbruksoppgjeret, kommuneproposisjonen og revidert nasjonalbudsjett vitnar om ei regjering som ikkje ser verdien av eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Dei ser i alle fall ikkje dei realitetane som vert openbare dersom ein held fram med denne type politikk. Næringslivet og folk flest er dei store taparane. Dette til trass for at regjeringspartiet FrP skal vere for «folk flest». Men, me som bur i fjordfylket fell kanskje ikkje inn i denne kategorien.

Me skil oss ut frå flokken på mange måtar, me bur på plassar som kan kallast grisgrendte, me har landbruk som ei av dei største næringane, og alle bur i ein kommune som i regjeringa sine auge er for liten. Dessutan er me dyre i drift. Me krev breiband til alle husstandar, me vil ha trygge og gode vegar og me krev eit velferdsnivå på lik line med dei som bur «sentralt». Det som kanskje irriterer regjeringa mest, er at me er stolte av det og. Eg har engasjert meg i Senterpartiet fordi det er eit parti som ser verdien av Sogn og Fjordane, som veit at alt er litt dyrare per innbyggar her enn i Oslo, men som likevel torer å prioritere offentlege kroner til oss. Me som ikkje er som «folk flest». Eg er stolt over det òg, ikkje flau som enkelte meiner me bør vere. Eg er stolt fordi eg veit kva verdiar me gir til fellesskapet. Me er det fylket som eksporterer mest straum til «folk flest» på austlandet. Me produserer mat i verdsklasse på land og i sjøen som «folk flest» et. Me produserer den mest miljøvenlege aluminiumen i verda til ein internasjonal marknad. Utruleg nok har me dei beste skuleresultata i landet også. Einskilde utanlandske medium hevdar også fylket er den vakraste staden i verda du kan reise til. Det er klart me som bur her ikkje er som «folk flest». Me har dei siste 8 åra har ei regjering som har sett nettopp dette.

Sogn og Fjordane, i lag med andre, har eigne utfordringar som krev eigne løysingar. I dag har me ei regjering som vil at alt skal standardiserast, og er du flink kommune eller fylkeskommune så skal du premierast. Problemet vårt er at me kan ikkje basere oss på same inntektssystem som kommunar og fylkeskommunar rundt Oslofjorden. Me passar ikkje inn i den standaren, til det er det for bratt, for djupt, for langt, for rasutsett og me er for få. Som fylkespolitikar føler eg no ei avmakt. Me klarer ikkje levere dei tenestene me har lovd veljarane våre me skal, dersom regjeringa held fram slik som no. Dei tek ifrå oss verkemidla me har hatt til å drive næringsutvikling, ha dei beste vidaregåande skulane i landet og eit blomstrande kulturliv. Likevel skal ein ikkje svartmale alt. Båtmotorane vert rimelegare , noko som kan vere nyttig dersom fylkeskommunen ikkje klarar å betale ferjedrifta meir. Me kan også få med oss nokre fleire flasker vin når me er utanlands, og på sikt slepp me truleg gyllelufta som elles pregar mai månad i store deler av fjordfylket.

Det trengs no ein samling i botn. Me må syne regjeringa at me er stolte av fylket vårt, truleg må me fram til neste val kjempe for kvar einaste krone som skal inn i kommune og fylkeskasse. Me har dessverre ingen av «oss» i regjeringa lenger som kjenner våre behov. Tida er inne for å vise motmakt mot sentralmakta. Me må vise at me ikkje er «folk flest», me er Sogn  og Fjordingar og me veit å sei ifra når nok er nok!

Aleksander Heen
Fylkestingsrepresentant
Senterpartiet