Meny
Bli medlem

NÅ må vi ta debatten!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Joleribba er fortært, ferien er over og nå er det på tide å kome i gang! Under budsjettmøtet i Tokke kommunestyre 10.desember, blei det fatta vedtak om store innsparingar på oppvekstetaten etter ein modell som går ut på å legge ned oppvekstsentra i Byrte, Lårdal og Åmdals Verk, med unntak av barnehagen i Lårdal. Men me skulle ikkje ta stilling til om nedlegginga vil bli akkurat som i modellen, om det blir justeringar av modellen og heller ikkje kva slags justeringar som kan vere aktuelle. Denne debatten skal me ta utover våren?skriv Birgit Johannes Olsnes, kommunestyremedlem i Tokke Sp.

 

Joleribba er fortært, ferien er over og nå er det på tide å kome i gang!

Under budsjettmøtet i Tokke kommunestyre 10.desember, blei det fatta vedtak om store innsparingar på oppvekstetaten etter ein modell som går ut på å legge ned oppvekstsentra i Byrte, Lårdal og Åmdals Verk, med unntak av barnehagen i Lårdal. Men me skulle ikkje ta stilling til om nedlegginga vil bli akkurat som i modellen, om det blir justeringar av modellen og heller ikkje kva slags justeringar som kan vere aktuelle. Denne debatten skal me ta utover våren…

På talarstolen sa eg kva eg meinte om prosessen, og eg treng ikkje å ta opp att det, men eg meiner tida er mogen for å ta debatten nå! Eg synest veldig lite om at vanskelege debattar blir feid under teppet, skuva fram på ubestemt tid eller lagt døde fordi det i realiteten ikkje er noko å diskutere.

I saka som gjeld skulestruktur, hastar det nå veldig med å diskutere konsekvensane av det vedtaket som blei gjort 10.desember så lenge verknaden skal kome frå skulestart 2014. Kva for oppvekstsenter er det posisjonen vil legge ned? Er det skuledelen av oppvekstsentra som skal leggast ned eller er det både skule og barnehage? Eller er det kanskje mellomtrinnet på oppvekstsentra som skal flyttast? Kanskje det rett og slett er ungdomsskulen de tenkjer å samle på ein stad frå hausten 2014? Strukturdebatten starta i oppvekstutvalet før jol, men nokon endeleg konklusjon har me så langt ikkje fått sidan debatten ikkje skal opp i kommunestyret før etter ein «god og ryddig prosess i løpet av våren 2014».

Desse spørsmåla er det likevel ikkje meir enn rett og rimeleg at posisjonen nå gir tydelege svar på. Det handlar nemleg om at folk som bur rundt omkring i «avkrokane» av kommunen treng litt tid for å kunne planlegge den komande kvardagen sin. Det same gjeld kanskje for ein del av dei tilsette i kommunen?

Korleis ser de for dykk at det blir for dei som bur i Åmdals Verk? Vil de at dei skal køyre til Dalen for å levere barn i barnehagen, deretter tilbake for å rekke jobb i Fyresdal, Vrådal, Kviteseid eller andre stader, og så tilbake til Dalen att for å hente barn i barnehagen etter jobb?  Korleis ser de eventuelt for dykk at dei skal få det til reint tidsmessig?

I Lårdal går skulebussen til Høydalsmo ti over åtte. Korleis skal ein då få puslespelet i hop når foreldre startar på jobb klokka åtte og må køyre mellom 20 – 50 minutt for å kome seg på jobb? Skal ungane klare å kome seg på bussen sjølve frå dei går i fyrsteklasse? Må ein av foreldra gå i redusert stilling for å kunne starte på jobb seinare? Må ein alliere seg med eventuelt pensjonerte besteforeldre (om ein har det) eller snille naboar som kan ta imot ungen på morgonkvisten? Eller skal ein rekne med å legge inn ein halvtime ekstra kvar dag for å køyre om Høydalsmo både om morgonen og ettermiddagen dersom ein køyrer i andre retningar på jobb?

I Byrte har ungane lang veg på buss saman med større elevar som skal på ungdomsskule og vidaregåande. Meiner de verkeleg at lengda på skulevegen ikkje har innverknad på kvardagen for ungar? Det er då heilt vanleg at vaksne arbeidstakarar vurderer lengda på arbeidsvegen når dei søkjer jobb. Korleis vil de kunne forsvare at lengre skuledagar vil gi ungane «eit like godt eller betre tilbod enn i dag», slik det står i utgreiinga frå administrasjonen?

Korleis blir det for dei som skal nytte eit SFO tilbod på Dalen, må dei kjøre ungen sjølve eller vil det bli ei ordning med buss som foreldre skal betale? Vil det bli alle tre grendene, to av grendene eller berre ei av grendene som må ta innsparingskonsekvensane? Alle desse spørsmåla treng foreldre å få svar på for å kunne pusle heile kvardagen saman, og de kan ikkje forlange av foreldre at dei skal sitje stille og vente på svar til langt utover våren!

Posisjonen er veldig godt nøgde med korleis administrasjonen har lagt fram saka, og difor ventar eg eit svar frå politikarar denne gongen. Eg er ikkje nøgd med eit svar om at det er slik administrasjonen har lagt det fram, og at politikarane skal ta diskusjonen…etterkvart. Kommunen har nemleg fritt skuleval, noko som betyr at foreldra kan søkje ungane sine til andre skular enn den skulen ungen automatisk får plass ved. Men søknaden må vere inne hjå kommunen innan 1.mars. Altså er det snaue to månadar til ein må velje om ein søkjer ungen til ein annan skule. Innan to månader har ikkje kommunen rukke å fatte eit vedtak om korleis skulestrukturen vil bli.  Korleis skal ein då vite om ein må søkje eller ikkje?

Eitt av forslaga i oppvekstutvalet var å la barnehagane vere, men legge ned skulane. Nokre foreldre tenkjer kanskje likevel at dersom skulen forsvinn, så er det ein fordel at barnet går i barnehage saman med dei som vil bli klassekameratar – i alle fall det siste året før skulestart. Hovudopptaket for barnehagane er 28. februar. Det er ikkje lenge til den fristen går ut! Sjølv om vi her i kommunen har rullande opptak gjennom året, så vil det kanskje haste litt med å sende ein søknad når det kan bli trongt om plassane i barnehagen både på Dalen og i Høydalsmo? Det same gjeld dersom det ikkje er praktisk mogleg å nytte barnehagetilbodet i Tokke kommune. Vil ein søkje ungane inn på barnehagar andre stader, må ein også tenkje på å sende søknaden i tide, men korleis skal ein vite om ein skal søke om plass når ein ikkje veit korleis strukturen blir?

Med politikarauge kan det virke som ein har god tid på å skrive ei sak, diskutere saka og fatte eit vedtak, men med foreldreauge har ein ikkje like mykje ro i kroppen eller tolmod i sinnet på å vente på dette vedtaket.

Frå talarstolen, spurte eg ordføraren om ho syntest dette var ein god og demokratisk prosess. Eg fekk ikkje noko endeleg svar på det, men det blei sagt at administrasjonen ville sikre at prosessen gjekk føre seg som han skulle. Nå spør eg igjen: Synest ordføraren at dette er ein god prosess for dei som på ein eller annan måte vil bli ramma av vedtaket som skal fattast ein gong utpå forsommaren?

Eg oppmodar posisjonen til å kome på banen og tydeleg flagge sitt syn i denne saka slik at ein veit kva ein har i vente frå komande haust.

Birgit Johanne K. Olsnes

Kommunestyremedlem (SP)