Meny
Bli medlem

Nære valdsutøvarar

Sist endret: 27.09.2020
Alle har rett til eit liv utan vald, men ikkje alle slepp fri, skriv Jenny Klinge, justispolitisk talsperson for Senterpartiet, i dette innlegget.

Av Jenny Klinge, justispolitisk talsperson for Senterpartiet.

 

Som stortingsrepresentant og medlem i justiskomiteen har eg fått jobbe med mange viktige saker. Ei av dei aller viktigaste er stortingsmeldinga om vald i nære relasjonar som Stortinget handsama nyleg.

Vi menneske har ein ibuande trang til å utvikle oss, til å vera trygge, til å vera glad i nokon og til at nokon er glad i oss. Vi er sosiale skapningar, vi lever liva våre i relasjonar med andre. Vald i nære relasjonar er grove overtramp mot enkeltmenneske som får krenka grunnleggjande rettar. Korleis skal ein kunne utvikle seg godt om ein lever i utrygge forhold der ein ikkje opplever teikn på kjærleik, men ofte teikn på det motsette?

Alle har rett til eit liv utan vald. Dessverre opplever altfor mange rundt i verda å bli utsette for vald og overgrep. Vi skulle gjerne ønskt oss at vi i det vi ser som eit moderne, sivilisert samfunn kunne seie: Sjå her, kor langt vi er komne. Vi skulle ønskt oss at det vi såg av vald i det norske samfunnet berre var etter­levningar av usivilisert framferd frå tidlegare tider. Men det er ikkje slik.

Begge kjønn blir utsette for vald i nære relasjonar, men særleg kvinner og ungar. Manglande likestilling og maktfordeling mellom kjønna blir ofte dratt opp som ei av årsakene. Det er rett nok. Men eg trur ikkje ein må gjera dette til eit spørsmål om likeløn eller stillingsprosentar. Det er snakk om enkeltmenneske som utøver vald og som er offer for valden. Dei fleste av dei som utøver valden er sterkare fysisk enn offeret, har høgare testosteron-nivå og er meir aggressive. Mange av dei har opplevd vald i barndommen sjølv, og ser ut for å føre vidare uvesenet inn i eigne forhold.

Derfor må vi sjå på kva som kan få valdsutøvarar til å slutte med det. I stortingsmeldinga seier vi tydeleg at tilbodet om sinnemeistringskurs skal styrkast. Desse kursa har vist seg effektive, og fleire bør få hjelp.

Regjeringa har gjort ein stor innsats for at færre skal bli offer for vald og overgrep. Som justisminister var Knut Storberget flink til å setje temaet på dagsorden. Med den nye stortingsmeldinga peikar vi ut ei klår retning for arbeidet vidare. Vi ser det å førebyggje og følgje opp i samanheng, både overfor dei som blir utsette for valden og overfor utøvarane. Vi ser på årsakene til valden, og slår fast at det trengs målretta tiltak og meir kunnskap. Det må meir forsking til, og betre statistikk­føring i politi og hjelpeapparat.

Det er eit uttalt mål at helse- og omsorgstenesta, politiet og rettsvesenet betre skal kunne førebyggje vald, og at dei skal gje betre hjelp til dei som opplever og dei som blir utsette for vald. Når vi i meldinga skriv «opplever», er det ein måte å inkludere også dei som ser og lever med valden, til dømes ungar som lever med frykt fordi dei veit at ein av foreldra når som helst kan gå laus på den andre. Tidlegare vart omgrepet «vitne til vald» meir brukt. Omgrepet «oppleve vald» får betre fram at dette rammer hardt også dei som blir offer for valden utan sjølv å bli slått.

Planer, strategiar og stortings­meldingar er viktige, men det er den konkrete oppfølginga som tel når alt kjem til alt. Vi har dei siste åtte åra mellom anna oppretta stadig fleire barnehus, der overgreps­utsette ungar blir tekne langt betre vare på enn før. Vi har fått oppretta familievaldskoordinatorstillingar i politidistrikta, og politiet har vorte flinkare til å gripe fatt i vald i nære relasjonar. Det blir ikkje kalt husbråk lenger, det i seg sjølv er eit framskritt.

Aldri før har temaet vorte løfta så mykje fram, og det har aldri før vorte gjort så mykje konkret mot problemet. Dette gir grunn til å vera optimistisk med tanke på at meldinga skal bli fulgt opp, og at fleire og fleire i framtida skal leva trygt både utanfor og i heimen.