Meny
Bli medlem

Næringsutvikling i Vinje- rota til alt godt!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Vinje Senterparti meiner næringsutvikling er rota til alt godt. Vinje kommune har eit tenestetilbod i Noregs-toppen, og skal vi halde fram med gode tenester må vi arbeidde for skape inntekter til kommunen. Å trygge og skape nye arbeidsplassar i Vinje og regionen fører til folketalsutvikling som igjen fører til auka aktivitet. Gjennom tilflytting og nye arbeidsplassar får kommunen auka både rammetilskott, andre statlege overføringar og skatteinntekter.

Underteikna vil ha hovudfokus på næringsutvikling. For det fyrste må vi lytte til næringslaga og arbeide for dei tinga som næringslaga meiner er viktige. Vi må òg arbeide tett med reiselivsnæringa, slik at den kan vokse. Det er lettare å få vekst i eksisterande næringsverksemder enn å skape ny. Vi må vere oppsøkande. Kommunen skal vere ein medspelar og ein JA-kommune.

På landbrukssida ynskjer vi å gjennomføre aksjon oppatt-grøfting av gamal eng. Vi vil setje av ein eigen sum på budsjettet i perioden som skal auke tilskottet til oppatt-grøfting av eng med gamle grøfter.

Vi vil arbeide for etablering av næringshage i kommunen, i tillegg til å stø opp om etablering av kulturelle arbeidsplassar på Vinjar.

Kommunen må medverke til at verksemder får naudsynt næringsareal, og vi bør finne meir ledig areal til næringsføremål/industriområde. Vi må marknadsføre næringsareal aktivt, samstundes som vi må halde fram å arbeide for god infrastruktur. Veg og breiband er viktig. 

 

Jon Rikard Kleven

Ordførarkandidat for Vinje Senterparti