Meny

(Nær)politireformen

Sist endret: 16 03 2017
Lokaliseringsdebatten kring kvar lensmannskontor skal ligge blir bagatellisert, men eg meiner det er viktig kvar desse kontora blir liggande

«Tryggleik i kvardagen – nærpolitireformen», er undertittelen på proposisjonen som er levert Stortinget som forslag til korleis politiet skal utvikle seg i Norge. Dette er i høgste grad eit politisk forslag, men det munnar ut i at det ikkje skal vere politisk styring over politietaten på viktige saker. Det er ikkje bra!

Det er nokre tema eg vil kommentere; nærleik, kjennskap, lokalisering , nærpoliti, tverrfaglegheit, sivile saker, førebyggande arbeid, nettverk, prioritering av ressursar, væpna politi og politisk ansvar.

Eg meiner at det er lagt altfor mykje vekt på hendinga 22/7 for å tvinge fram ei omstrukturering til større einingar. I rapportar frå 22/7 hendinga blir det ikkje nemnt at lensmannskontor i nærleiken av Utøya og  i nærleiken av småbruket som Breivik hadde  var lagt ned. Kanskje utfallet hadde vorte annleis om vi fortsatt hadde hatt eit nærpoliti der i forkant av hendinga? Det veit vi ikkje, men vi veit at det er lettare å ta kontakt og tipse politiet som er i lokalmiljøet og som har kjennskap  til dei som bur der og geografien.

Lokaliseringsdebatten kring kvar lensmannskontor skal ligge blir bagatellisert, men eg meiner det er viktig kvar desse kontora blir liggande. Eller rettare sagt kor langt unna dei blir liggande! Vi treng at nærpolitiet har ei base som gjer dei tilgjengelege og som gjer at dei buset seg i lokalmiljøet. Det står at det skal vurderast incentivordningar  for å sikre at tenestemenn og –kvinner skal busetje seg i heile distriktet. Den beste incentivordninga vil vere at vi får tenestestader i nærmiljøet etter mitt syn!

Det er eit stort press i dag på at vi må samle og sentralisere for å få fagleg sterke og robuste fagmiljø. Ei styrke småe lokalsamfunn har, er det tverrfaglege samarbeidet. Dette blir ikkje vektlagt i det heile teke. At politiet også kan ha den tverrfaglege kontakten i lokalsamfunn meiner eg er viktig for å ha oversikt og innsikt i det som rører seg og for å skape gode nettverk. 

Politiet skal strippast for sivile saker, noko eg også meiner er feil, spesielt i distrikta. Desse kontaktpunkta med lokalbefolkinga gjer at dei får kjennskap til kva som rører seg og lokalbefolkinga får eit kontaktpunkt med politiet. Det er positivt at det ikkje berre er i blåljos-samanheng du møter politiet, men også i serivcefunksjonar. Det skapar gode relasjonar.

Dette gjeld også på førebyggande arbeid, spesielt det å få gode relasjonar til unge. I proposisjonen er det fokus på operative tenester, det å leie akutte hendingar, store og komplekse saker og organiseringa av skrankefunksjonar. Det førebyggande er ikkje vektlagt i dei heile teke!

Regjeringa har løyvd meir pengar og ressursar  til synleg politi, men kvar har desse pengane teke vegen. I Ottadalen er det nå Ottadalen lensmannskontor med Lom som hovudsete og Skjåk og Vågå har begrensa opningstid. Men dette har ikkje ført til meir politi. Det har gått frå 14 til 11-12 stk! Kvar er gevinsten for å samle seg til ein tenestestad da? Og kvar blir pengane som er løyvde til meir synleg politi av? Det går store summar med til  nytt IKT-system. Det er viktig med gode system, men vi treng synleg politi med gode vaktordningar også.

Dagens regjering gjev signal om meir væpna politi, noko eg er særs skeptisk til. Du får ikkje ein god relasjon ved å prata med ein person med våpen i hand. Heldigvis er politimeisteren i Gudbrandsdalen einig i dette.

Det som skuffar meg mest er ansvarsfråskrivinga det er politisk å overlate til Politidirektoratet å fastsetje den lokale tenestestrukturen. Det er og blir eit politisk ansvar å sørge for god nok beredskap i heile landet. Det må gjerast i skillet mellom fagleg kompetanse og politiske omsyn. Vi treng eit politi med kjennskap, relasjonar, nettverk og stutt responstid i heile landet.

Å kalle dette ein nærpolitireform gjer ikkje at den gjev meir politi ute blant  folk berre ved å putte på ordet nær!

Aud Hove, Skjåk

Oppland Senterparti