Meny
Bli medlem

Når nært blir fjernt med Frp

Sist endret: 27.09.2020
Senterpartiet ønskjer ikkje eit politi som berre dukkar opp lang tid etter det har hendt noko. For å halde folk trygge i heile landet, treng vi eit meir synleg og tilgjengeleg politi både i byane og på landsbygda.

av Jenny Klinge, 
Stortingsrepresentant (Sp) 

Kva eit nærpoliti er for noko, er det jammen ikkje enkelt å bli einig om. Regjeringa lanserte den såkalla nærpolitireforma i 2015. Reforma har ein fin tittel, men i praksis blir talet på politidistrikt meir enn halvert, og det ventar ei massiv nedlegging av lensmannskontor i tida som kjem. Medlem i Justiskomiteen frå Frp, Jan Arild Ellingsen, kritiserte nyleg i eit lesarinnlegg Senterpartiet sin måte å tenkje nærpoliti på. Ellingsen meiner visst det er problematisk at Senterpartiet meiner det bør vera politi spreidd over heile landet og nært der folk bur.

Vi meiner det er grenser for kor store avstandar det kan bli mellom politiet og innbyggjarane før vi har mista det nærpolitiet vi har vore så glade for å ha her til lands. Når det no skal bli langt større avstandar mellom lensmannskontora, fører ikkje det berre til at politipatruljane i endå større grad vil konsentrere seg om sentrale strøk. Det fører også til at politifolk flyttar frå staden der dei tidlegare hadde eit lokalt lensmannskontor som arbeidsplass, til den nye arbeidstaden mykje lengre unna. Då mistar vi den verdien det er å ha politifolk busett rundt om i store delar av landet også. Dette handlar om å kjenne kvarandre, og om den viktige førebygginga som ligg i at politifolk er til stades i lokalsamfunna.

Nærpolitireforma Ellingsen og Frp talar varmt for, fører ikkje til meir nærpoliti. Det er ei sentraliseringsreform, på same vis som dei andre reformene regjeringa steller i stand. Senterpartiet ønskjer ikkje eit politi som berre dukkar opp lang tid etter det har hendt noko. For å halde folk trygge i heile landet, treng vi eit meir synleg og tilgjengeleg politi både i byane og på landsbygda.

Vi meiner at regjeringa, i staden for å auke talet på tilsette i Politidirektoratet (som dei stadig gjer) og drive med massiv omorganisering gjennom den såkalla nærpolitireforma, burde sørgje for meir ressursar til operativt politi. Og dei burde sørgje for at denne auken kjem heile landet til gode. Det ville føre til eit sterkare nærpoliti, og ikkje til eit svakare nærpoliti slik dei no legg opp til.

(Leserinnlegget er også på trykk i Driva 27.07.16)