Meny
Bli medlem

- Nasjonal tragikomisk politikk

Sist endret: 27.09.2020
- Vi har ein integreringsminister som ikkje vil ha flyktningar, ein kommunalminister som ikkje vil ha kommunar, ein kunnskapsminister som ikkje vil ha lærarar, ein justisminister som ikkje vil ha lensmannskontor, ein helseminister som ikkje vil ha sjukehus, ein landbruksminister som ikkje vil ha bønder, og sist men ikkje minst; vi har ein likestillingsminister som ikkje vil ha likestilling! Politisk sett er situasjonen nasjonalt tragikomisk, sa Senterkvinnenes leder Beate Marie Dahl Eide i sin tale til Senterkvinnenes landsmøte.

 

 

Senterkvinnenes leder Beate Marie Dahl Eide sin tale til Senterkvinnenes landsmøte på Gjøvik 15. april:

 

Ordstyrarar, kjære Landsmøte!

 

Det er utruleg godt å sjå dokke! Dette har eg gleda meg til!

Eg har no hatt min første periode som leiar for Senterkvinnene, og eg vil takke på nytt for den tilliten eg fekk. Det har vore utruleg lærerikt og spennande. Eg har fått møtte mykje nye folk, lært meg nye arbeidsmåtar og sett meg inn i nye saker. Eg er rett og slett utruleg heldig som får lov til å lede denne flotte organisasjonen!

 

Senterkvinnene er ein dugnadsbevegelse. Her er det engasjerte, travle damer, med eit hjerte for Senterbevegelsen, for vår ideologi og vårt samfunnssyn.

 

Senterkvinnene har sin tydelege plass i Senterbevegelsen!

Vi fangar opp engasjement som elles hadde gått tapt. Vi gjev fleire Senterpartimedlemmar ein politisk arena dei elles ikkje hadde hatt.

Senterkvinnene breier ut Senterpartiorganisasjonen, og bidra med fleire perspektiv: vi løftar saker som ikkje får nok fokus på ordinære partimøter; viktige saker og saksfelt som ligg Senterparti-ideologien nær, og som burde vore diskutert meir og brukt meir tid på i partiet:

sosial utjamning, den internasjonale politikken, familiepolitikk, barnehage, sfo, barnevern, likestilling, kultur, frivilligheit. Lista er lang!

 

Status i organisasjonen vår i Senterkvinnene er litt som i dei fleste frivillige dugnadsbasert organisasjonar:

Nokon fylker er veldig aktive.

Nokon er litt aktive.

Og vi har nokon fylker der vi ikkje har nokon fylkesorganisasjon akkurat no, av ulike grunnar.

 

Det må vere eitt av dei viktigaste måla for Senterkvinnene den komande perioden å få til eit minimum av aktivitet i dei fylka der vi i dag ikkje har organisasjon. Vegen til å nå dette målet tenker eg er lågterskeltilbod i det enkelte fylket.

 

Eg skal gje nokre døme på kva eg meiner med lågterskeltilbod:

- Fleire av Senterkvinnelaga har arrangert opne møte om aktuelle tema, med eksterne innleiarar

- Telemark Senterkvinner hadde før valet samlingar for kvinnelege listekandidatar, og vidarefører no dette som eit nettverk mellom kvinnelege folkevalde.

- Senterkvinnene i Sogn og fjordane har i ei årrekke hatt felles årsmøtehelg med Senterungdommen, der ein sett av tid til felles innleiarar og temadebattar.

- Eg synes òg det er verdt å nemne det siste initiativet til Telemark Senterkvinner: Ein allierte seg med Porsgrunn bibliotek, og fekk på plass eit foredrag med Hanne Kristin Rohde som trakk over 160 stk. til biblioteket ein tysdag no i april. I Senterkvinneregi. Det er moro!

 

Vi må bli flinkare til å lære av kvarandre og så må vi skaffe oss alliansepartnerar! Eit viktig arbeid framoververt å spreie erfaringar, og støtte dei fylka som har ein svakare organisasjon. Målet må vere at alle kvinner i partiet får tilbod om å delta på senterkvinneaktivitet nasjonalt eller i fylket sitt. Det skal vi greie saman!

 

Samarbeid -  Kunnskap - Nettverk - det er viktige stikkord for Senterkvinnene sitt arbeid!

Hovudsatsinga etter sist landsmøte har vore å skape gode lærerike arenaer, og eg er stolt over det vi har fått til med arrangementa Grønn inspirasjon og Kvinner kan.

 

Grønn inspirasjon er ope for alle Senterpartimedlemmar som vil få fagleg gode innleiingar, diskutere politikk og ha det sosialt. Kvinner kan er Senterkvinnene si folkevaldskolering. Eg har fått tilbakemeldingar om at vi burde skifte namn på sistnemnte, for sjølvsagt kan kvinner, men det får det nye sentralstyret ta stilling til.

 

Grønn inspirasjon arrangerer vi for 3. gong til hausten: merk dokke datoane; 22.-23. oktober. Programmet er ikkje klart, men eg kan garantere at vi ikkje legg lista lågare denne gongen! Faktisk så var det fleire nye medlemmer som kom på det første Grønn inspirasjon som trudde vi hadde hatt dette arrangement i årevis - så bra var det! Ein blir veldig stolt og glad av slike tilbakemeldingar.

 

Oppskrifta har vore både enkel og krevjande: få på plass topp innleiarar på dei ulike temaa vi sett på dagsorden, slik at det blir mest mulig interessant for folk å komme! Målet har vore todelt: både å skolere og oppdatere organisasjonen vår reint fagleg og politisk, skolere kvinnelege medlemmar i partiet inn mot lokalvalet, og sist, men ikkje minst; å bruke desse arenaene til å sette Senterkvinnesaker på dagsorden og løfte opp politiske tema vi meiner er viktige at partiet arbeider med.

 

Av innleiarar vi har fått til oss siste to åra så må eg spesielt trekke fram samarbeidet med dåverande Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik; ho har stilt opp fleire gonger, og verkeleg vore til inspirasjon. Så blir det spennande å starte samarbeidet med den nye ombodet Hanne Bjurstrøm.

 

Vi har hatt med oss alt frå leiaren i miljøstiftelsen ZERO Marius Holm til tidlegare biskop Gunnar Stålsett, leiar for Krisesentersekretariatet Tove Smaadahl og leiar i Nei til EU, Kathrine Kleveland. Stortingsgruppa og partileiinga stiller opp, og andre tillitsvalde og folkevalde frå partiet har bidrege på felt dei er gode på. [...]

 

Senterpartiet har gjort ein god jobb for å få fram fleire kvinnelege tillitsvalde og folkevalde. Men vi har framleis ein jobb å gjere i Senterpartiet når ein ser på medlemstalet. Vi har altså dobbelt så mange mannlege som kvinnelege medlemmar, om ein ser vekk frå Senterungdommen sine 2000 medlemmar, som er ca. jamt fordelt. Vi er ca. 11 000 menn og 6000 kvinner. Det betyr at om vi hadde hatt like mange kvinnelege som mannlege medlemmar i partiet så hadde vi hatt 5000 fleire medlemmer. Det er klart at dette også gjer seg utslag ikkje berre i kven som har ulike verv og viktige posisjoner, det påverkar og politikken sine prioriteringar og innhald.

 

Eg snakka med partileiar Trygve Magnus i går kveld, og eg skulle helse Landsmøtet så mykje frå han, og ønske lykke til med landsmøteforhandlingane. Trygve er mykje på reis om dagen, men han har sagt til meg at han har som mål å vere på eit nasjonalt senterkvinnearrangement i året. Han er imponert over jobben som blir lagt ned i Senterkvinnene, og han trakk spesielt fram arbeidet vi har gjort med skolering og møteplassar. Vi får mykje ut av knappe ressursar, og det har partileiaren merka seg.

 

Trygve var overraska over den store forskjellen mellom kvinnelege og mannlege medlemmar, og det vil han at vi får gjort noko med saman. Trygve Magnus har løfta fokuset på medlemsverving, og vi har no hatt medlemsvekst to år på rad. Det er viktig for å nå ut til fleire med våre idear, og medlemmar gjev oss styrke både økonomisk og i tal. Tala viser at vi må ha eit spesielt fokus på å få verva damer!

 

Vi i Senterkvinnene skal ta vår del av jobben, både med å engasjere fleire kvinner i politikken, dyktiggjere damer og pushe dei fram, og å få fleire kvinnelege medlemmar. Jobben din i helga, i tillegg til å delta aktivt i debattane her i salen, vert å tenke ut damer du kan ringe til i løpet av helga, og spørje om dei vil vere med i Senterpartiet. Vi tek ein ekstra vervedugnad i lunsjen i morgon, og så tek vi ei oppteljing på kor mange vi har fått verva på søndag.

 

Korleis skal vi så få engasjert fleire kvinner i politikken? Eg trur det handlar om å gjere meir av det vi gjere i dag - og ikkje minst å få fram kor viktig det at damer engasjerer seg! Rettigheiter og eit samfunn som er godt for alle kjem ikkje av seg sjølv. Det er hardt arbeid, i fortid og i framtid.

 

Senterkvinnene trengs, både i Senterbevegelsen og i norsk politikk!

 

Kjære Landsmøte!

 

Dette landet tåler ikkje meir enn 4 år med dagens regjering!

 

Politisk sett er situasjonen nasjonalt tragikomisk:

Vi har ein integreringsminister som ikkje vil ha flyktningar,

ein kommunalminister som ikkje vil ha kommunar,

ein kunnskapsminister som ikkje vil ha lærarar,

ein justisminister som ikkje vil ha lensmannskontor,

ein helseminister som ikkje vil ha sjukehus,

ein landbruksminister som ikkje vil ha bønder, og sist men ikkje minst;

vi har ein likestillingsminister som ikkje vil ha likestilling!

 

Kan det bli verre? Sett med Senterpartiauger trur eg svaret er klart.

 

Kjære Landsmøte!

Senterpartiet gjorde eit godt val i 2015 - folk vil ikkje har meir av det blåblå!

 

Vi fekk mange fleire folkevalde over heile landet, og vi fekk altså 105 ordførarar - Frp som mange tenker på som eit stort parti fekk 5 ordførarar. Frp treng altså ikkje meir enn ei caravelle, og kanskje ei campingvogn, for å ha ordførarkonferanse. Senterpartiet har synt at vi er ordførarpartiet, og valresultatet ga verkeleg grunnlag for optimisme med tanke på valet i 2017. Hadde resultat i haust vore stortingsval, så hadde vi hatt mange fleire representantar inne på stortinget enn vi har i dag.

 

Men, damer, vi må altså stå knallhardt på inn mot 2017.! Vi veit det er ei utfordring å mobilisere organisasjonen i stortingsvalkampane, og dette blir ein lang og hard valkamp. Men, det å opne avisa om morgonen, og lese kva den blåblå-regjeringa styrer med, burde vere god nok motivasjon til å stå på endå litt ekstra framover!

 

Dette landet må få ei ny regjering i 2017 - og den må Senterpartiet vere ein del av!

 

Gode Senterkvinner!

 

Kva slags samfunn vil vi ha? For meg er eit Senterparti som kjempar mot sosial ulikhet det aller viktigaste. Eit samfunn som ikkje gjer noko for å utjamne sosiale forskjellar er eit dårleg samfunn. Vi må sørge for reell likestilling og sosial utjamning i Norge. Det er noko av det viktigaste vi kan gjere.

 

Senterkvinnene er - og skal vere - ei tydeleg stemme for likestilling, eit familievennleg samfunn og våre grøne verdiar. Eit godt samfunn der folk bur, arbeid til alle, gode tenester uavhengig av bustad, det er like mykje likestillingspolitikk, kvinnepolitikk, familiepolitikk som det er distriktspolitikk. Eit samfunn som er oppteken av å ta heile landet i bruk, må og vere oppteken av å ta alle menneske i bruk.

 

Vi har mykje å kjempe for, det er ikkje slik at jobben er ferdig. Kampen om likestilling er ikkje eit slag ein vinn ein gong for alle, det er langvarig arbeid, og nye slag som må kjempast heile tida. Det har vi verkeleg sett etter at den nye regjering tok til, med kutt i pappapermisjonen, reservasjonsrett for legar, endringar i arbeidsmiljølova i retning meir midlertidighet og lausare tilknyting til arbeidslivet, kommunesamanslåing som rammar kvinnearbeidsplassar, sjukehusnedleggingar, politisentralisering, ja lista er både lang og vond.

 

Vi er jo likestilt her i landet, det er jo ikkje lov å diskriminere folk på grunn av kjønn eller andre ting, får eg ofte høyre. Sunniva Ørstavik var svært tydeleg siste gongen ho var hos Senterkvinnene: “Lovverket i Norge er som å køyre Rolls Royce, problemet er at gjennomføringa er som ein dårleg slitt Lada”.

Ein sett ikkje makt bak dei fine orda, og offentleg sektor er dessverre ikkje eit gode nok når det gjeld likestilling. Når det gjeld midlertidige stillingar er faktisk norsk helsevesen verstingar - små stillingar og midlertidighet er regelen mange stadar.

 

Korleis skal vi få private verksemder til å følge regelverket og bidra til likestilling når det offentlege sjølv ikkje gjer det? Vi må bidra til at det å vere god på likestilling er noko offentlege verksemder vert målt på. Reelt. At leiarane vert målt på det. At ein i alle offentleg verksemd, i politikken og andre områder alltid stiller seg spørsmålet: Fremmar dette likestilling? Eller bidreg det til det motsette? Hadde ein gjort den enkle øvinga så trur eg vi hadde komme eit steg vidare. Likestilling ligg mellom øra, vel så mykje som i lovverket.

 

Korleis er det så med likestillinga i politikken? Er vi ferdige der? Er ikkje det vettugt. Politikken er a mans world! Kan vi seie at vi har folkestyre i Norge når det er stort sett godt vaksne menn som kler det som er av posisjonar? 7 av 10 ordførar er menn, 8 av 10 rådmenn er menn.

 

Vi veit at det er framleis ikkje likestilling i norske heimar, kvinnene har framleis tyngda av omsorgsarbeidet, tek det meste av fødselspermisjonen. Det er flest menn som har leiarstillingar i næringslivet, sjølv om kvinner tek meir og lengre utdanning.

 

Det er framleis slik at vi stiller andre forventningar til gutar og jenter når dei veks opp, når det gjelde kle, leiker, oppførsel. Jentene skal vere stille, snille, rolege og greie. «Flinke piker». Gutane, ja, du veit, dei er gutar seier vi når det er litt mykje lyd på gutegjengen på barnerommet. Er det rart at fleire gutar blir leiarar når vi tillèt dei å ta meir plass, synes meir, frå dei er i barnehagen?

 

Eg vil seie litt om diskriminering, Det mest vanlege å bli diskriminert for i arbeidslivet er graviditet, for både kvinner og menn. 55% kvinner, 22 % menn seier i ein stor LDO-undersøking i 2015 at dei har blitt diskriminert i forbindelse med graviditet eller fødseslpermisjon. Alt frå at ein ikkje får ein jobb fordi ein er gravid, mistar jobben fordi ein er gravid eller ute i permisjon, kjem tilbake til ein heilt anna jobb.

 

Vold i nære relasjonar handlar og om diskriminering og likestilling.  

Det er altså 75 000 - 150 000 som vert utsett for vold i ein nær relasjon - årleg.

1 gang i mnd vert ei kvinne i Norge drepe av sin partner.

Kvart 4 drap i Norge sidan 1991 er eit partnardrap.

 

Økonomisk sjølvstende har mykje å seie for moglegheita for å dra, det er mange kvinner med dårleg økonomi på krisesentra -> løysing er ein massiv målretta likestillingspolitikk. Vi må gjere noko med alle kvinners mogelegheit til å gå, til å frigjere seg sjølv.

 

Likelønn

Likelønn for kvinner og menn er viktig for å utjamne forskjellane i samfunnet. Det er framleis ein lang veg å gå. Tidlegare Senterpartileiar Anne Enger var leiar for Likelønnskommisjonen, som leverte sin rapport i 2008. Vi har dessverre ikkje komme veldig langt i åra etterpå.

 

Kvinner tener altså framleis 85 øre per krone ein mann tener, og det har stått stille dei siste 30 åra. Ja, du høyrde rett: dette har stått stille i 30 år!

 

Noreg har ein ekstremt kjønnsdelt arbeidsmarknad. Dette handlar om val av yrker, og at kvinneyrker er lågare betalt enn mannsyrker. Det er altså slik at ansvar for folk blir lønna dårlegare enn ansvar for skrua og mutrar! Det er på høg tid at vi får heva lønna i kvinnedominerte yrker i offentleg sektor.

 

Det er stort sett same lønn i same yrke, men kvinner ligg 9 år etter i lønnsutvikling. Kvifor? Fordi ein får barn! Lønnsforskjellane aukar når kvinner kjem i foreldrefasen. Urettferdig? Ja. Mulig å gjere noko med? Ja. Når kvinnene tener minst vert det dei som reduserer stillinga si. Til lågare inntekt til enklare er det å gå ned i stilling. Dette er ein vond sirkel.

Vi i Sentervinnene skal hegne om familiane si mogelegheit til å ta frie val, og leve sine liv. Men, vi må og sørge for at kvinner vert like økonomisk sjølvstendige som menn - i alle fasar av livet, og at vi finn gode ordningar for å legge til rette for at også småbarnsforeldre skal kunne vere i full jobb.

 

Vi må arbeide fram ein heiltidskultur. For mange arbeider deltid, og sett seg slik i ein situasjon der ein er lite økonomisk sjølvstendig. Og vi må ha eit arbeidsliv som er raust og romsleg, og som har rom for dei som ikkje har full arbeidsevne. Vi må få folk i arbeid - og holde folk i arbeid. Det er nøkkelen til å utjamne sosiale forskjellar!

 

Flyktningar, integrering

Eg kan ikkje snakke til dokke i dag utan å kome inn på flyktningsituasjonen i verda. Eg veit det er fleire her i salen som er oppteken av dette temaet.

 

Eg meiner vi skal gå klart i mot alle forslag om meir midlertidighet for mindreårige som kjem hit, og vi kan ikkje vere med å stramme inn regelverket om familiegjenforening slik at folk vert gåande utan familien sin i årevis. Slike forslag fremmar ikkje integrering, det hindrar integrering!

 

Det som er heilt sikkert er at retorikken til regjeringa og Listhaug ikkje bidreg til betre integrering! Ordbruk som vi og dei, det å skape mentale skilje, det å beskrive fortvila menneske som flyktar frå heimen sin, frå landet sitt, som flyktar frå bomber, terror, vold, som lykkejegerar, er uverdig. Dette er menneske som har gjort sitt livs tøffaste val, vore på sitt livs tøffaste reise, og som vi skal ta i mot med respekt, forståing, tålmod og varme.

 

Det er ikkje alt som er sjølvsagt når ein kjem til eit framandt land. Kva som er den lokale skikken, kulturen og tradisjonen dit ein kjem tek det tid å lære. Det er vel ingen som trur at ein etter eit par veker i eit akuttmottak, utan språk, veit alt om det nye landet - og er "fix ferdig integrert"? Når ein kjem til Noreg som flyktning er det mykje som skal lærast. Det er mange nye ord, ny kultur, i tillegg til det openbare med eit heilt anna klima.

 

Kva er is? Er det trygt å bade i det tjernet?

Ungane startar på skulen. Kva er samlingsrom? Kva er barnebursdag? Kva er SFO? PPT?

Kva er dugnad? Kva er 17. Mai? Kvifor er politiet her, er ikkje politiet farleg?

 

Vi må vere rause, romslege og tolerante. Opne og nysgjerrige. Vise respekt - og få respekt. Dei vi møter er like forskjellige som oss som bur her frå før, og har med seg si historie og sin bakgrunn for å ha kome hit. Det er først og fremst menneske, med tru og håp og draumar for framtida! Det må vi som parti legge til grunn når vi vedtek politikk på dette området.

 

Så er det ein annan bit av dette som går på arbeidsinnvandring. Det er eit krevjande spørsmål, som vi er nøydd til å handtere. Vi er i ferd med å få ei utvikling der store grupper rett og slett står på sida av det norske samfunnet, det er dessverre mykje svart arbeid, mange som ikkje kan norsk. Og det er eit dårleg utgangspunkt for både likestilling og integrering. Det er eit større problem at grensene er opne, og at vi ikkje veit kven som oppheld seg i landet, enn at det kom 5000 menneske over Storskog.

 

Skal vi lykkast som samfunn, både med integrering og med å løyse dei utfordringar vi har så er vi nøydd til å ha ein skule som er tilpassa den enkelte elev, vi må stoppe regjeringa si avskilting av tusenvis av dyktige lærarar, vi må fortsette å yrkesrette og praktisk rette skulen. Vi må redusere målehysteriet, og fokusere på andre ting enn teorikompetanse. Kva med kreative evner, praktiske evner, sosiale evner, medmenneskelegdom.

Vi må sørge for at ungdomane våre ikkje ramlar ut av skulen. Vi må ha meir tidleg innsats. Vi må få inn entreprenørskap heilt frå barnehagen, fordi det fremmar læring og tek vare på dei kreative eigenskapane ungane har.

Kommunane må få ressursar til å sette inn fleire vaksne i klasserommar - pedagogar, assistentar, miljøarbeidarar og fleire helsesøsterressursar. Vi må førebyggje dårleg psykisk helse, og støtte dei familiane og dei barn og unge som slit tidleg nok.

 

Vi må sørge for at SFO får eit løft. Vi må ha skikkeleg innhald, redusert pris og auke foreldremedverknad. Eg reknar med dette temaet vert diskutert når vi kjem til den politiske plattforma og skal sjå på ein meir heilskapleg skuledag kontra ein heildagsskule.

Folkehelse og sosial ulikskap.

Levealderen aukar, fleire oppnår betre helse gjennom heile livsløpet. Men det er fortsatt store sosiale ulikheter i helse - også i Noreg, og forskjellane aukar.

 

På ein nordisk folkehelsekonferanse for 1,5 år sidan brukte Helseminister Høie mykje tid på kor viktig det er å motivere folk til å gå tur i skog og mark og fjell. Lågterskeltilbod. Det var det viktigaste tiltaket han trakk fram for betra folkehelse og auka levealder.

 

Folkehelsa si popstjerne sir Michael Marmot sitt svar på dette, etter å har vore leiande på fagfeltet i 30 år var like enkelt som klart: Dette er vel og bra. Men, sa Marmot; It doesn’t work! I told the minister, it doesn’t work.

 

Kvifor fungerer det ikkje? Fordi vi har sosiale ulikskapar når det kjem til helse, sosiale forskjellar på kven som tek den turen i skog og mark. ressursar til å ha kontroll over eige liv er ulikt fordelt. Det høyrest enkelt og folkeleg ut å be folk gå ein tur i skog og mark. Problemet er at då bommar ein på den største utfordringa; dei sosiale forskjellane, som det er tvingande nødvendig å gjere noko med.

 

Om du strevar kvar dag for at ungen din skal ha nok mat, reine klede som passar og moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar, er det ikkje fem om dagen og 30 minutt fysisk aktivitet som er hovudfokuset ditt. Då greier du ikkje å ta kontroll over eige liv, eiga helse og “berre gå den turen”. dei same sosiale forskjellane gjer at det å kutte skulefrukta, og be folk sende med ungane eit eple, rett og slett ikkje funkar.

 

Foreldre sin utdanningsbakgrunn har veldig stor samanheng med sjanse for gjennomføring i skulen. Fleire tek meir utdanning , men forskjellane består. Vi har såkalla full barnehagedekning, men det er fremdeles forskjell i bruk av barnehage etter inntekt.

 

Det har vore ukorrekt å snakke om sosial ulikhet og helse. Men, vi veit at utdanningsnivå, inntekt og helsetilstand heng saman. Førekomst av risikofaktorar har ei sosial slagside. Det må vi halde oss til. Det er vår plikt som politikarar, som samfunn.

 

Mange menneske, i Norge, i verden, får ikkje realisert sitt potensial som menneske, på grunn av desse forskjellane. Det må vi gjere noko med! Senterpartiet har alltid kjempa for sosial utjamning, det må vi og gjere i det nye stortingsprogrammet.

 

Senterpartiet må bidra til utjamning, både geografisk, sosialt og økonomisk. Vi kan bruke skattesystemet til dette. Det er viktig at vi hegner om universelle ordningar, vi må sørge for at også dei med høgare inntekter har noko att av dei ordningane dei er med å finansiere for at dei også i framtida skal bidra til spleiselaget.

 

Skulemat

Ein reform vi MÅ ha på plass for å utjamne sosial ulikhet er Skulemat.

Det er så enkelt som at mette ungar lærer best. Norsk skule reproduserar sosiale forskjellar, når det gjeld helse, utdanning og tilknyting til arbeidslivet.

 

Det hjelper ikkje å seie at dette er familien sitt ansvar at ungen har ete frukost og har med niste, når vi veit at det sit mange ungar og ungdommar i norske klasserom som ikkje har ete frukost og som ofte heller ikkje har med seg mat. Eller dei kjøper skulebollar og cola i storefri.

Om vi seier dette er familiens ansvar så godtek vi dei sosiale forskjellane, då let vi att auga og vi feilar som samfunn.

 

At vi sikrar at alle ungar får ein god start på dagen, med trygg vaksenkontakt, mat i magen, mjølk i glaset og eit godt fellesskap med medelevar er ei god investering i å gje alle born dei same mogelegheitene.

 

Mange skular har innført eit skulemåltid, både grunnskular og vidaregåande skular. Det fungere så godt, både på læring, trivsel, oppmøte og fråvær, at dei gjer alt for å behalde det, sjølv i tronge økonomiske tider.

 

Vi som parti må vere praktisk anlagt. Dette må bli bestemt nasjonalt, så får kommunane finne sine praktiske løysingar for om det skal vere brødskiver med ost og skinke, frukt eller varm mat. I mange barnehagar har ein mat til sjølvkost, der dei familiane som har dårleg økonomi får ei mindre rekning eller ikkje rekning i det heile. Slik kan ein faktisk løyse skulematen og.

 

Offentlig velferd

Eg berre seier det først som sist: Vi må sørge for at velferdsprofitørane si tid er over!

I Norge i dag er hovudregelen offentlege barnehagar, skular og helse/omsorg.

 

Men det er altså laga eit system, i verdas rikaste land, der vi sett dei svakaste gruppene ut på anbod! Dei borna som treng hjelp frå barnevernet, og må bu i ein institusjon i ein kortare eller lengre periode. Dei blir ein case, sendt ut på anbod, og så får private selskap legge inn bod! Her snakkar vi store summar, gjerne mange millionar i året.

 

Ungdommar opplever å bli sendt til motsett kant av landet, fordi det var den institusjonen som vann anbodet. Dei får ei enorm tilleggsbelastning med å bli sendt vekk, langt frå slekt og vennar og det miljøet dei har vekse opp i.

 

Delinga mellom kommunane og staten fører til drakamp om kostnadar og ansvar. Små ungar ned i 6-7-8 årsalderen opplever å stadig bli flytta mellom institusjonar, beredskapsheimar, midlertidige fosterfamiliar. Dette er øydeleggjande for små barn. Vi må slutt på at velferdsprofittørar kan tene pengar på barn og unge si ulykke! Det er det offentlege si oppgåve å ta vare på borna sine. Barnevernet må vere eit kommunalt ansvar, og minst mulig bør ligge i staten, og ute på anbod.

 

Same utfordringa har vi når det kjem til barnehagar. Private drivarar tener seg rike på barnehagedrift, opprettar selskap, kjøper tenester frå kvarandre, omgår slik reglane om at ein ikkje skal ta ut utbytte. Ektefeller vert sett inn som høgt honorerte styreleiarar og dagleg leiarar. Etter 10-15 år er det fritt for ein barnehagedrivar å selje selskapet sitt, og det er klart at eit selskap der det er bygd opp store verdiar på å ha sugerør inn i det offentlege er noko du får godt betalt får. Vi kan ikkje fortsette å kaste offentlege pengar ut glaset på denne måten!

 

Det er fristande å trekke ein parallell til kommunesamanslåing; eit av argumenta der er at interkommunale samarbeid er så udemokratisk. Dei partia som målbær dette sterkast er dei som er sterkast tilhengar av privatisering og konkurranse utsetting av offentlege oppgåver. Om eit privat eigd AS driv ei teneste for det offentlege sine midlar er det visst effektivt og ikkje minst innovativt, om kommunane finn løysingar saman då er det manglande demokrati.

 

Klima og miljø.

Kjære Landsmøte!

Det nye partiprogrammet må blankpusse senterpartikløveren og reetablerer oss som det leiande partiet for praktisk miljø- og klimapolitikk! Vi må tilbake til den tydeleg grøne krafta Senterpartiet var på 90-talet. Vi må over i eit fornybart samfunn, der vi prioriterer klima og miljø først. Forureinar må betale, og det må lønne seg å velje klimavennlege løysingar.

 

Vi er utvilsamt det partiet som har dei beste føresetnadene for å gjere gull av det grøne, fordi vi vil ta heile landet i bruk, både naturressursane og folket som bur her. Vi må bidra til grøne arbeidsplassar i heile landet, til beste for både klima og sysselsetting, gjennom å utvikle fornybare verdikjeder innanfor transport, bygg og andre sektorar. Vi må definere store sektorvise utslippskutt, og ta det meste av klimakutta nasjonalt, også når ein ser vekk frå skogen si rolle i klimaregnskapet.

 

Vi må ha ein moderne transportpolitikk, som samtidig er klimasmart. Vi må bygge høghastigheitstog, binde landet saman med skinner. Transportsektoren må bli utslippsfri. Det må alltid lønne seg å velje det klimasmarte. Nullutslippskøyretøy må vere eit billigare alternativ enn dei som får på fossilt. Så enkelt. Vi er i gang når det gjeld elbil, hydrogen, men vi har framleis ein veg å gå før transportsektoren ikkje slepp ut klimagassar som øydelegg kloden.

 

Kjære Landsmøte! Det er dei små og store vala vi alle gjer kvar dag som skal redde verden, samtidig som vi brukar naturen klokt. Då må det alltid vere rimelegast å velje det klimasmarte.

 

Kjære Senterkvinner!

Alt dette eg har snakka om no er grøn feminisme! Ideologien har vi, men i praksis handlar det om praktisk poiltikk og dei sakene vi kjempar for slik at kvinner - i alle land - får oppfylt sitt potensiale, får dei same mogelegheitene, inntektene og levekåra som menn.

 

Vi skal rette blikket framover mot 2017 - Vi er den klaraste motpolen til den sitjande regjeringa. Senterkvinnene skal gjere det vi kan for å bidra til eit fantastisk valresultat for Senterpartiet i 2017, og at vi igjen er på plass i regjeringskontora for å gjere det vi er best på: styre landet!


TAKK FOR MERKSEMDA!