Meny
Bli medlem

NASJONAL TRANSPORTPLAN 2014-2023 ? REGJERINGA MÅ SYTA FOR VIDARE VEKST OG FERJEFRI E39

Sist endret: 16.03.2017 #Hordaland
Hordaland Senterparti ventar at prosjektet ferjefri E39 for strekninga Bergen ? Aksdal kjem med i Nasjonal Transportplan. Ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger vil vera svært lønsam og byggja ein endå sterkare region på Vestlandet. Hordaland Sp peikar på den indre traseen, fordi den oppfyller måla våre for samfunns- og kommunikasjonsutviklinga på best måte.

Fråsegna som fylkesårsmøtet vedtok 

NASJONAL TRANSPORTPLAN 2014-2023 – REGJERINGA MÅ SYTA FOR VIDARE VEKST OG FERJEFRI E39

Nasjonal Transportplan (NTP) for neste tiårsperiode skal fram for Stortinget i vår. Hordaland Senterparti understrekar at planen må innehalda store samferdsleforbetringar i heile landet både på veg, jernbane, kyst og luftfart. Hordaland Senterparti føreset at regjeringa held fram den sterke opptrappinga i satsingsnivået som tok til i 2005, og hevar denne vesentleg. Dersom jernbanetilbodet skal utbyggjast sterkt på Austlandet slik fylka der arbeider for, må ein tilsvarande del av midlane brukast på Vestlandet og i dei andre regionane.

Dette må gje store satsingar på riksvegane i fylket. Vidare krev Hordaland Senterparti at den vellukka forvaltingsreforma, som viser at fylkeskommunane er gode vegeigarar, ikkje fører til klasseskilje på vegane. Fylkesvegane har eit større etterslep enn riksvegane, og fylkeskommunane må få midlar til å opprusta desse på same måte som riksvegane.

 Hordaland Senterparti ventar at prosjektet ferjefri E39, som Liv Signe Navarsete reiste som samferdsleminister ved å setja Statens vegvesen i gang med utgreiing av prosjektet,  for strekninga Bergen – Aksdal kjem med i NTP 2014 – 2023. Ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger vil vera svært lønsam og byggja ein endå sterkare region på Vestlandet

 Den ferjefrie vegen vil løysa nasjonale transportutfordringar nord-sør på Vestlandet. Næringslivet vil få monaleg betre konkurransevilkår, og transportnæringa vil kunna redusera avstandskostnadene. I tillegg vil ferjefri E 39 skapa ein stor arbeids-, bu, kultur- og serviceregion. Hordaland Sp er oppteke av at vegen bidreg til utvikling av større distrikt i fylket, miljøvenlege løysingar og god samordning av trafikkstraumane nord-sør og aust-vest. Etter Hordaland Sp sitt syn er det ikkje framtidsretta å dirigera all riksvegtrafikk gjennom Bergen sentrum.

Hordaland Senterparti ber om at ferjefri E39 mellom Aksdal og Bergen vert teke med i NTP 2014 – 2023.

Hordaland Sp peiker på den indre traseen, fordi den oppfyller måla våre for samfunns- og kommunikasjonsutviklinga på best måte.