Meny
Bli medlem

Naudhjelp til Afrika eller museum i Gda?sk?

Sist endret: 27.09.2020
Senterpartiet har alltid vore ein tydeleg motstandar av norsk EU-medlemskap. DN har aldri støtta Sp sin EU-motstand, og vi har også ulike syn på EØS-avtala. Dette ber DNs leiarartikkel tysdag 18. november preg av. Her angrip DN Sps forslag om reduksjon i utbetalingar til EØS-midlar, skriv Navarsete og Vedum.


Av Liv Signe Navarsete, utenriks- og forsvarspolitisk talskvinne i Sp, og Trygve Slagsvold Vedum, leder i Sp


EØS-midlane har vorte nytta til ulike, dels kuriøse formål. Døme på bruk av midlane er oppussing av landemerket på torget i Krakow, maritimt museum i Gda?sk, oppussing av kyrkeklokke i Budapest og finansiering av eit underjordisk søppelinnhentingssystem i Sevilla. Noreg løyver også stadig meir til EFTA-organ som Efta-domstolen og overvakingsorganet Esa. Desse løyvingane gir meir byråkrati i Brussel, auka overvaking av Noreg og mindre nasjonalt sjølvstende.


I innleiinga til EØS-avtala er det slått fast at EØS-avtala skal opprettas «[…] på grunnlag av likhet og gjensidighet og en samla balanse av fordeler, rettigheter og forpliktelser for avtalepartene». Medan EU-landa sjølv reduserer eigne løyvingar, er Norges EØS-utgifter stadig aukande. I 2012 betalte Noreg 900 millionar kroner til å finansiere EØS-overføringar og Efta-organ. I 2014 har dette talet auka til meir enn 3,3 milliardar kroner. For 2015 har regjeringa budsjettert med at utgiftene skal stige til over 4,7 milliardar kroner.


For perioden 2009 til 2014 får Polen over 50 gongar så mykje i EØS-midlar som Sierra Leone tek imot i norske bistandsmidlar mellom 2009 og 2013. Polen får meir EØS-midlar for perioden 2009 til 2014 enn det 80 mottakarland til saman tok imot i norsk bistand frå 2009 til og med 2013.


Riksrevisjonen skriv i sin rapport frå 2013 at det er usikkert i kor stor grad det kan dokumenterast at dei norske EØS-midlane bidreg til sosial og økonomisk utjamning. Effekten av EØS-midlane er uviss. Det har på den andre sida sjeldan vore større trong for auka løyvingar til naudhjelp og humanitær bistand enn i dag. Difor aukar Senterpartiet i vårt alternative budsjett Noregs bistand med 1,2 milliardar kroner, av dette aukar vi løyvingane til naudhjelp med 500 millionar kroner.