Meny
Bli medlem

Navarsete: - Eg har framleis mykje ugjort

Sist endret: 27.09.2020
Liv Signe Navarsete avslutta sitt verv som leiar i Senterpartiet med følgjande helsing til landsmøtet: -Eg har mykje ugjort, både for fylket, for partiet og i utanrikskomiteen, sa Navarsete. Den avtroppande partileiaren er rørt over støtta hun har fått dei siste månadene.

Sjølv om Liv Signe Navarsete overlet leiarvervet til Trygve Slagsvold Vedum er ho ikkje ferdig med politikken. Ei offensiv Navarsete gav landsmøtet klar beskjed om at ho har ein jobb å gjere på Stortinget.


-    Nå skal eg vere Senterpartiets stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Det gler eg meg til! Ikkje minst vil eit distriktsfylke som mitt merke konsekvensane av høgrepolitikken.  Det gir oss i Senterpartiet både høve og moglegheit til å løfte fram våre alternativ. Sogn og Fjordane sine stortingsrepresentantar frå regjerings- og støtteparti kjem til å merke det. Eg har mykje ugjort, både for fylket, for partiet, og i utanrikskomiteen.  Eg har vore kort tid på Stortinget. Eg vil i åra som kjem vere med å gje innhald til slagordet om å tenkje globalt og å handle lokalt. Vi må trygge miljø, livsgrunnlag og matproduksjon. Vi må sikre folkestyret, og fremme rettferdig fordeling. I dette viktige arbeidet er Senterpartiet del av ei veksande internasjonal rørsle, sa Navarsete.

Den avtroppande partileiaren varsla også at ho ikkje ønskjer å vidareføre vervet som parlamentarisk leiar for stortingsgruppa.
-    Eg sa også på Kongsberg 11. januar at eg sjølvsagt skulle halde fram som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. I dette låg det at eg etter landsmøtet og i løpet av våren også ville gje vidare stafettpinnen i den viktige jobben i partileiinga som parlamentarisk leiar til ein ny person. Sett i lys av min helsesituasjon som er usikker og vil vere det i tida framover, sender eg i dag brev til Senterpartiet si stortingsgruppe og ber om at det så fort som råd vert lagt til rette for å velje ny parlamentarisk leiar.


Liv Signe Navarsete la ikkje skjul på at den siste tida har vore krevjende. For ho og for partiet.
-    Det har vore krevjande tider innad i Senterpartiet i det siste.  Etter at møtet i dag er avslutta må partiet  arbeide seg saman – det må  bli tid for å byggje opp. Eg vonar at eit samla parti vil gje den nye leiinga støtte.  Heile partiet må backe opp om den demokratisk valde leiaren.  Elles blir me alle svekka. Som politikarar kan me ikkje berre vere opptekne av det kvar og ein av oss driv på med, men heve blikket og sjå at me er med på noko større – saman, sa Navarsete.


Åtte år i regjering har skapt store politiske resultater for Senterpartiet. Liv Signe Navarsete ga landsmøtet innblikk i ei enkelthending som har fått stor merksemd.


-    Kampen om ostetollen var kanskje ein av dei tøffaste me hadde i regjering. Men Trygve og eg ga oss ikkje! Me kjempa saman dag og natt!!  Då me omsider hadde fått gjennomslag, tok Jens Stoltenberg, Schjøtt Pedersen, Trygve og eg kvarandre i handa, og gav kvarandre ein klem. Det var alvorleg stemning. Trygve og eg var slitne då me gjekk ut. Men så snart døra slo att, tok gleda overhand. Me jubla på gangen. Me visste at me hadde lagt grunnlag for ein ny giv i landbruket og i næringsmiddelindustrien, sa Navarsete.

Til rungande applaus fra landsmøtet takka Navarsete for at ho har fått leie ei av landets aller viktigaste politiske rørsler.


-    I dag er min siste dag som partileiar. Det er rart. Eg er fylt av mange kjensler. Vemod, ja! Men mest er eg fylt av takksemd. Takksemd for den fantastiske reisa eg har fått vore med på. Me skal både sjå framover mot nye mål, og feire det me har fått til. Senterpartiet har fått meir gjennomslag enn kanskje nokon gong disse åtte åra. Eg vil nytte høvet til å takke alle dei som har vore med å dra lasset saman - regjeringskollegar, stortingskollegar, tilsette, tillitsvalde og alle i fylka og lokallaga. Me har betydd ein stor forskjell for mange innbyggarar i heile landet.  Me har utruleg mykje å feire, sa Navarsete.

Navarsete si tale handla mykje om norsk matproduksjon og verdas klimautfordringar. Og om hennes etterfølger, Trygve Slagsvold Vedum.


-    Trygve, du er ikkje redd for å løfte fram korkje nyslipte verktøy, store politiske mål, eller sjølvaste gleda. Du kjem til å bli ein glimrande leiar for Senterpartiet. Eg ser fram til å være ein del av teamet rundt deg på Stortinget, sa Navarsete.