Meny

Navarsete til Gudbrandsdalen

21. mai kjem kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete, til Harpefoss for å markere oppstarten for E6-utbygginga Frya - Sjoa.

Sp-partileiaren skal tilbringe heile dagen 21. mai i Gudbrandsdalen. Med seg har ho statssekretær Eli Blakstad. 

Navarsete er fyrst på dagen hovudinnleiar på Grotlikonferansen, som arrangerast av kommunane Skjåk og Stryn. Spørsmålet som er utgangspunkt for Navarsete sitt foredrag er: «Korleis skape gode regionar og styrke verdiskapinga gjennom samferdselspolitikken?»

Etter lunsj reiser statsråden til Sør-Fron for å markere anleggsstart for E6 Frya-Sjoa. Sjølve markeringa finn stad i Hardvollsmorka på Harpefoss frå klokka 14.45. Med det vil ringen vere slutta for Navarsete. På eit folkemøte på Harpefoss i 2008, den gongen som samferdselsminister, var ho den som ga klarsignalet til oppstart av E6-planlegginga.

Når E6-markeringa er over reiser Navarsete til Ringebu, som ein av fem finalistar i konkurransen om å bli kåra til attraktiv stad 2013. I Ringebu sentrum lovar ordførar, Erik Odlo, mat, folkeliv og underhaldning frå 16.30.

Prisen attraktiv stad blir delt ut for andre gong i år og skal gå til ein kommune eller ein stad som har lukkast i å bli ein meir attraktiv stad å bu og leve. Prisen skal visa fram gode førebilete for andre og vinnaren får ein premie på 250.000 kroner frå KRD. Kåringa skal løfte fram gode døme på lokalsamfunn som arbeider målretta med utvikling og som slik har blitt ein betre plass. 

I år var heile 358 stadar i Noreg nominerte. Oppland er godt representert i finalen, med både Ringebu og Fagernes.