Meny
Bli medlem

Navarsete vil ha fleire politidistrikt

Sist endret: 27.09.2020
Ifølgje Politidirektoratet vil ein reduksjon av politidistrikt gi eit betre politi. - Det hjelp ikkje med god kompetanse om hjelpa kjem for seint, seier Senterpartileiar Liv Signe Navarsete til Nationen.

Politidirektoratet gav i går si støtte til Politianalysen, som ynskjer å slå saman dagen 27 politidistrikt til seks. Kommunal- og regionaminister Liv Signe Navarsete er kritisk til at det blir lagt opp til seks politidistrikt, skriv Nationen.

- Skal ein ha tryggleik der ein bur i landet er avstand ein viktig dimensjon. Det er viktig med god kompetanse, men det hjelp ikkje om politiet kjem for seint, seier Navarsete.

Ho seier seks politidistrikt er for lite, og gir si støtte til fylkesmennene som i Nationen laurdag ynskte at politidistrikta fylgjer fylkesgrensene.

- Det handlar om beredskapsfunksjonar som er organisert på fylkesnivå. Det er viktig at politiet er koordinert saman med den øvrige beredskapsleiinga i fylket ved store hendingar. Politianalysen har heller ikkje sett godt nok på kva konsekvensar og effekt større avstandar får, seier Navarsete.

Navarsete meiner ein må stille spørsmålet kva politi ein skal ha i framtida.

- Ei rekkje tilleggsfunksjonar skal bli skilt ut. Det kan føre til eit anna politi enn det me kjenner i dag, med mindre kontakt med innbyggjarane. Me treng eit politi som er organisert for kvardagshendingar, ulukker, innbrot og førebyggjande arbeid. Geografien i Noreg er svært ulik, og folk skal kunne kjenne seg trygge uansett kvar dei bur. Politiet treng god lokalkunnskap og må delta i førebyggjande arbeid med lokale styresmakter og organisasjonar, seier Navarsete til Nationen.