Meny
Bli medlem

Navarsetes Brussel-tur ga avklaring om differensiert arbeidsgjevaravgift

Sist endret: 27.09.2020
- Eg er viss på at vi med god dialog kan få på plass ein grunnmur i ESA-retningslinene for å kunne halde oppe den differensierte arbeidsgjevaravgifta som i dag, seier Navarsete til Nationen.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete er redd nye EU-reglar gjer distrikts­arbeidskraft dyrare. ESA-president Oda Sletnes vil følgje opp saka, skriv Nationen. 

Arbeidsgjevaravgifta norske bedrifter betalar til staten varierer i dag mellom 14 prosent i sentrale strøk, rundt seks prosent i delar av Hedmark, Oppland og Sør-Trøndelag, litt over fem prosent i Nordland, Troms og delar av Nord-Trøndelag og ned til 0 prosent i Finnmark.

Føremålet med den geografiske differensieringa er å styrkje sysselsetjinga og busetjinga i distrikta ved å redusere kostnadene ved bruk av arbeidskraft. Noreg har i fleire rundar måtta kjempe for å få behalde den differensierte arbeidsgjevaravgifta under EØS-avtalen, og i perioden 2004-2006 var ordninga delvis avvikla, skriv Nationen.

Navarsete seier hovudregelen i dag er at Noreg kan ha differensiert arbeidsgjevaravgift i regionar med færre enn åtte innbyggjarar per kvadratkilometer. I tillegg ligg det ein fleksibilitet i at også tilgrensande regionar kan få differensiert avgift. Det er den fleksibiliteten kommunal- og regionalministeren fryktar skal forsvinne.

- Fleksibiliteten er viktig for mange kommunar på Vestlandet, i Agder, Buskerud og Trøndelag, seier Navarsete.Ho var likevel optimistisk etter møtet med ESA-presidenten i går. - ESA delar Noreg si oppfatning om at det er ei uklarheit vi må få på plass. Det er vi glade for, seier ho til Nationen.