Meny
Bli medlem

Nei takk til 90 millionar

Sist endret: 16.03.2017 #Oppland
I høyringsforslaget frå regjeringa på eit nytt inntektssystem for kommunane kan Oppland misse inntil 90 millionar i basistilskot til fordel for dei største byane i Norge. Dette støtta både H og V på fylkesmøtet til KS Oppland, som behandla høyringsforslaget sist fredag.

I høyringsforslaget frå regjeringa på eit nytt inntektssystem for kommunane kan Oppland misse inntil 90 millionar i basistilskot til fordel for dei største byane i Norge. Dette støtta både H og V på fylkesmøtet til KS Oppland, som behandla høyringsforslaget sist fredag. 

Kommunal- og moderniseringsminister Sanner vil ta frå basistilskotet, som i dag er kr 13,2 millionar likt fordelt til alle kommunar, og gje meir til dei største kommunane.  Desse ligg ikkje i Oppland. Han har også innført eit nytt begrep for kommune-Norge; frivillige eller ufrivillige småe kommunar. Dersom ei kommune ikkje vil, men i teorien kan, slå seg saman med ei anna kommune, skal den straffast ved å misse dette basistilskotet. Denne typen tvang er Senterpartiet sterkt imot. Totalpotten for basistilskotet blir ikkje kutta, men berre fordelt på ein annan måte.  

KS har berekna korleis dette vil slå ut for Oppland, og i verste fall kan vi altså til saman misse 90 millionar kroner pr. år! Til dette svarer Sanner at det er berre å kutte i administrasjonen, så vil det ikkje gå utover velferdstenester som barnehage, skule eller eldreomsorg. Eg vil påstå at kommunane i Oppland ikkje har eit administrasjonsnivå som tåler å bli kutta noko særleg på. Det sit ikkje ledige hender og hovud rundt omkring i dei opplandske kommunehus. 

Ordføraren i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen, vart intervjua på NRK om korleis det ville påverka kommunen hans om dei misser 7 millionar slik berekningane viser. "Da er det ikkje nok med ostehøvel lenger, da må det øks til", svara han. Om vi har 26 kommunar eller 15, vil unge og gamle i Oppland merke på tenestenivået om vi misser så mykje som 90 millionar!

Vi veit at mange av våre kommunar i dag har lange avstandar som også gjev ein del dyrare tenester enn der større delar av innbyggarane bur samla. Det vil ikkje bli stuttare avstandar om ein slår saman fleire kommunar til ei. Sidan det er størrelsen det kjem an på og det er så mykje meir effektivt og robust å ha store kommunar, kvifor må dei kommunane da ha ein så betydeleg større del av basistilskotet? Da burde jo det meste bli både billigare og betre? 

Nei, her handlar det om ein fordelingspolitikk som prioriterer sentrale store bykommunar på ein slik måte at Oppland kjem veldig dårleg ut i sum. Dette vil H og V i Oppland ukritisk vere med på.

Senterpartiet vil sikre gode og likeverdige tenester så langt det er råd til alle som bur i Oppland uavhengig av kvar du bur. Det vil alltid vere ulemper med avstandar, men dei mest grunnleggjande tenestene må sikrast. Da seier vi ikkje nei takk til kr 90 millionar pr. år!

Aud Hove, nestleiar

Oppland Senterparti