Meny

Neste stopp Stortinget!

Sist endret: 16 03 2017
- Det ER ein forskjell om Arbeiderpartiet eller Høgre får 3 på tinget frå Telemark etter valet, eller om Senterpartiet kjem inn, sa stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide da ho innleia på årsmøtet.

I desse VM-tider skal eg starte med å samanlikne oss med ein fersk verdsmeister. Utan å skryte for mykje av min fysiske form, så representerar eg eit fylkeslag som er politikkens Therese Johaug. Ho var i knallform til Tour De Ski, og er i knallform i VM. Vi er i knallform no, og vi har ikkje toppa formen enda! Det er berre tre månader sidan nominasjonsmøtet, men jammen har vi markert oss! Eg vil starte med å takke alle dokke som har skrive lesarbrev, teke saker opp i kommunestyrer og utval, bakt kaker til møter, framsnakka meg og Senterpartiet til naboar, vener og kjente. Fortset med det! Vi skal vise omverda kva Senterpartilaget er laga av! Som Therese Johaug er vi både sterke og uthaldande.

Gode partivener; Vi veit kva vi må fortelje velgarane fram mot 9. september. Vi har EITT bodskap og det er at Telemark treng Senterpartiet på Stortinget! Vi har visjonar og ambisjonar for heile Telemark. Senterpartiet er partiet som tek kvardagsutfordringane til folk på alvor, og gjer noko med dei. Det ER ein forskjell om Arbeiderpartiet eller Høgre får 3 på tinget etter valet, eller om Senterpartiet kjem inn.

For Telemark har eit enormt potensiale! Eg vil vere med å bidra til at vi styrkar identiteten vår og trua på eigne kvalitetar i Telemark. Eg er klar for å gjere ein jobb for Telemark! Eg har rukke å bli glad i dette litt trauste fylket, sjølv om det framleis blir ein og annan kulturkollisjon for ein vestlending som er vant til at det går fort i svingane. Det hender nok at vestlendingen i meg blir litt vel direkte for telemarkingen. Det lærer vi av alle partar.

Politikken har forma meg som person, på ulike måtar:
- Eg kom ikkje inn i kommunestyret på Eid som 18-årig ungdomskandidat. Det var eit nederlag den gongen. Men, hadde eg kome inn, hadde eg nok aldri stilt til val i Sør-Trøndelag fire år etterpå og blitt landets yngste fylkesvaraordførar.
- Eg hadde aldri flytta til Seljord og Telemark om det ikkje hadde vore for Senterungdommen, som i tillegg til å vere noregs beste politiske verkstad og politiske skoleringsstad for ungdom, også er kjend for å vere reine datingbyrået.
- No er eg den einaste kvinnelege toppkandidaten i Telemark, eg er tobarnsmor, relatitvt nyskilt, jobbar i det offentlege, har hus i byggefelt og ingen odel. Eg har erfaring og kompetanse som trengst på Stortinget! Telemark treng meg på tinget! Eg vil bruke dei neste fire åra på å få Telemark opp og fram, og føre ein politikk som betrar kvardagen til folk i Telemark og i resten av landet.
- Eg vil ikkje vere ein kandidat folk er likegyldige til. Eg har alltid sagt at eg har ikkje engasjert meg i politikken for å ikkje provosere nokon. Ingen vinn val på å vere einig med alle. Om 90 % er ueinig, så er 10 % einige! Som Tore Buer i Porsgrunn ofte seier; eg treng berre at 10 % av dei som står i kø i Lilleelvkrysset kvar dag stemmer på meg. Då er mandatet der!
- Målet mitt er rett og slett å vere meg sjølv; tydeleg, utålmodig, ærleg og målretta.

Eg er altså den einaste kvinnelege førstekandidaten i Telemark. Tenk på det; det er kun Senterpartiet som i 2013 har ei dame på topp! I året der vi markerar at det er 100 år sidan norske kvinner fekk stemmerett er det eigentleg ganske spesielt. Men, det er desverre ikkje tilfeldig at det er slik. På same måte som det ikkje er tilfeldig at det er flest menn i politikken, at det er flest menn som er gruppeleiarar, utvalsleiarar og ordførarar,  at det er flest menn som har leiarstillingar i arbeidslivet. Det er ikkje tilfeldig at menn tener langt meir enn kvinner - også i samme jobb, at det fremdeles er kvinner som tek hovudtyngda av omsorgsarbeidet i familiane - og at det er flest kvinner som er minstepensjonistar. Eg likar Senterkarane våre eg, men dette er eit problem!

Vi har ikkje kome langt nok i likestillingsarbeidet når det fremdeles er slik! Derfor er det viktig å ha Senterkvinnene, som gir kvinner og kvinnepolitikk ein ekstra arena. Eg brukte nokre år på å forstå kor viktig Senterkvinnene faktisk er. Men, då eg sjølv fekk eit høgt politisk verv, fekk eg òg sjå ein del av politikkens baksider, og eg skjønte raskt verdien av å ha egne kvinnenettverk. Eg har vore på møter som einaste dame der Gutteklubben Grei før møtet mimra om “gamle dager” då dei studerte saman på NTH. Det er ikkje plankekøyring å sette seg i respekt og bli lytta til i slike forsamlingar kan eg love dokke! Dei uformelle nettverka og posisjonane har mykje meir å seie enn ein ofte trur. Då er det viktig at vi kvinner lagar våre eigne nettverk, som gjer oss styrke og “guts” til å kreve vår rettmessige plass i styre og stell. Kvinner er ofte kvinner verst. Det trur eg alle damer i salen her har opplevd på eit eller anna vis. Derfor er det ekstra viktig at vi som er opptatt av at kvinneperspektivet i politikken skal kome meir fram er flinke og backar kvarandre opp.

I Telemark står store oppgaver framfor oss. Vi skal løfte i flokk, og sørge for at vi får auka utdanningsnivået i fylket, gjennom at fleire tek fagutdanning og høgare utdanning. Vi skal styrke dei næringklyngene vi har. Vi skal heie fram grunderane og sørge for at telemarksungdomen som veks opp idag blir arbeidsskaparar og ikkje berre arbeidstakarar. Vi skal koble Telemark på Oslo-regionen gjennom inter city-utbygging til Skien, samankobling av Vestfold- og Sørlandsbanen, vidare satsing på vegar og i framtida skal telemarkingen kunne sette seg på Vestlandsbanen over Haukeli og dagpendling til hovudstaden vil vere fullt mogeleg frå Vest-Telemark.  Muligheitene for Telemark er der, vi må berre sørge for eit politisk fleirtal på Stortinget som gjer dette mogeleg å realisere! Dette er berre noko av det vi jobbar for. Senterpartiet søker makt, for oss er gjennomslag for sakene vi trur på det viktigaste - det får vi i regjering!

Samferdselssatsing bind fylket vårt i hop og gjer Telemark til eit meir attraktivt fylke å bo, leve og etablere bedrifta si i. Senterpartiet har fått Telemark på samferdselskartet. No er milliardprosjekta i gang! Men, vi skal vidare. Eg skal ha ein flygande inngang til samferdsel og samfunnsutvikling idag; eg vil først snakke om luftambulanse og flyplass.

Tryggheit for at ein har tilgang til gode helsetenester er grunnleggjande viktig for å kunne leve det gode liv i Telemark, og den neste satsinga må kome i lufta! Senterpartiet krever ein luftambulanse til Telemark! Innbyggjarane i vår del av landet skal ha tilgang på like god akuttberedskap som elles i
landet.

No har vi i Telemark Senterparti lukkast med første steg på vegen. Senterpartiet sitt nye stortingsprogram har vore på høyring i to rundar. I førsteutkastet sto det ingenting som luftambulanse, noko som gjorde at Telemark Sp spela inn ei formulering om dette. Og vi har fått gjennomslag! No står det at Senterpartiet vil “ha ei geografisk definert responstid for ambulansetenester og etablere luftambulansebasar for dei områda som i dag ikkje har dekning.”. Eg er kjempeglad for at vi har fått gjennomslag for å sjå responstid og luftambulansebasar i samanheng. Dagens responstid på 45 minutt er utdatert. Norsk Luftambulanse krev ei responstid på 20 minutt, og det stiller vi oss bak!

I Telemark har både Vinje, Notodden og Skien meldt interesse for å huse ein luftambulansebase. Eg meinar det viktigaste med ein base i Telemark er at ein får betra luftambulansedekninga for eit størst mogeleg område. Ein grundig kikk på kartet er viktig når ein skal bestemme kor basen skal ligge.

Eg har mellom anna besøkt luftambulansebasen på Dombås for å skaffe meg meir kunnskap. Der har dei hatt base i 25 år. Den ligg melllom dei store sjukehusa. Dekker store fjellområder og ca 150 000 innbyggjarar. Dei har ca 600 oppdrag i året, 1-3 per dag. Er du på vakt, bur du på basen, og er aldri meir enn få minutt unna. Då eg var der var det Eric og Haakon som var på jobb. Ein anestesilege frå Karlstad og ein redningsmann frå Oppdal. Den svenske anestesilegen arbeider ved sjukehuset i Karlstad når han har fri frå luftambulansen. Dei skal få luftambulansebase om to år, og han brukar arbeidet på Dombås som opplæring. Både anestesilegen og redningsmannen hadde klara meiningar om kor viktig det var å bruke luftambulansebasane til å betre beredskapen i områda mellom sjukehusa. Luftambulansen flyttar akuttenestene nærmare folk. På Dombås har dei også ein eigen redningsbil som gjer at dei som er vakt også kan bistå på den måten, ved større ulykker eller når helikopteret ikkje kan lette. Eg var kjempeimponert over det eg fekk sjå på Dombås. Eg er ikkje det minste i tvil;  Ein luftambulansebase vil gjere det tryggare i Telemark, og denne saka skal Senterpartiet løfte til topps! Jonas vil få saka på sitt bord, og som Telemark Senterparti sin stortingsrepresentant skal eg kjempe til basen er på plass!

Senterpartiet er villige til å prioritere for å få gjennomslag for Telemark. Det gjeld også lufthavn, og eg utfordrar dei andre partia til å ta debatten om lufthavnene si rolle i Telemark. Vi står i fare for å “miste flyet” - i overført betydning - fordi vi framleis jobbar halvhjerta for begge våre flyplassar. Det å ikkje prioritere er ikkje anna enn ein slags misforstått telemarkspatriotisme. Når vi veit at staten legg sterk vekt på fylka sine innspel,  og Telemark fylkesting ikkje tok med lufthavner i sitt innspel til Nasjonal Transportplan (NTP), blir det krevjande å overbevise staten om at det skal kome lufthavnpengar til Telemark i denne omgang.  No er det på tide at vi prioriterar å arbeide for å sikre statleg bidrag til EIN flyplass i Telemark, og det må bli Notodden; Næringslivet på Notodden og Kongsberg etterspør flyplassen, og den er heilt avgjerande for å bidra til ei positiv utvikling i øvre deler av Telemark og i Kongsbergregionen. Det skjer fantastiske ting rundt Telemark Teknologipark. Skal vi sørge for at utviklinga sprer seg over heile fylket, må vi sørge for at flyplassen på Notodden får utvikle seg! Ein er no i gang med å planlegge terminalbygg og oppgradering av flyplassen. Dette er heilt nødvendig. No må vi samle kreftene i Telemark, og sørge for at staten bidreg til å realisere det nye terminalbygget og på sikt kjem inn med årleg driftstilskot.

Gode årsmøte - Fylkesvegane - sjølve kvardagsvegane som gjer at Noreg fungerar -treng opptil 75 milliardar for å bli gode og trygge vegar. 75 milliardar! Smak litt på det talet. Det smakar asfalt som manglar, hol i vegen, telehiv, smale bruer med dårleg rekkverk og bilar som må på verkstad. For Telemark er talet 3 milliardar. Det set politikken i perspektiv.

I desember fekk Senterpartiet gjennomslag på fylkestinget for å løyve 100 millionar ekstra til fylkesvegane, og mange prosjekt vert sett i gong i 2013. Men dette utgjer tross alt berre 3% av etterslepet - og det viser at staten må bla opp! Pengane må på bordet, og det må kome ein fylkesvegpakke i komande NTP. Det er ingen andre parti som prioriterar fylkesvegane så høgt som Senterpartiet gjere - vi er rett og slett fylkesvegane sin beste ven!

Den dagen rapporten om dei 75 milliardane kom var eg i radiodebatt mot Torbjørn Røe Isaksen. Han vil at staten skal ta tilbake fylkesvegane. Årsmøte - alle dei som bur langs ein fylkesveg, bør vere svært bekymra om Høgre kjem i regjering. Fylkeskommunen er ein mykje betre vegeigar enn staten! Det er jo ikkje slik at forfallet oppsto etter at fylka overtok vegane for 4 år sidan - det var under STATLEG eige at fylkesvegane forfalt! Eg trur ingen fylkesvegar ønskjer seg tilbake dit.
Så måtte jo Torbjørn innrømme i debatten at Senterpartiet hadde stått på for samferdsel. Eg trur rett og slett dei er litt misunnelege. Høgre prioriterte ikkje samferdsle sist dei sat i regjering. Høgre prioriterte ikkje 100 millionar til vegar i fylkesbudsjettet, men jammen var dei glade for å vere med og bestemme kvar pengane skulle brukast. Dei veit at Senterpartiet har ein betre samferdslepolitikk, og derfor likar dei ikkje å snakke om samferdsel. Høgre prioriterte ikkje pengar til samferdsel då dei sat med makta! Då prioriterte dei skattelette, det vil dei gjere om dei får sjangsen til å sitte i regjering igjen..

Senterpartiet er i ferd med å forandre og byggje landet, men eg er usikker på om vi tek det innover oss, og er stolte nok, over kva vi har fått til. For det skjer enormt mykje. For 5 år siden flytta eg til eit fylke der samferdselssatsinga sto stille. No blir milliardprosjekta rulla ut - og folkens - det er vår forteneste.
I 2005 var vi med på eit forlik som ga 22 milliardar meir til samferdsel. I 2009 fekk vi på plass 100 milliardar til, og om kort tid kjem det ein ny Nasjonal Transportplan. Vi veit det blir ei auke, men vi veit ikkje kor mykje. Årsmøte - dei fleste av desse milliardane er Senterpartiet si forteneste!  

Det er Senterpartiet som har fått samferdsel på dagsorden, noko alle pratar om, som har skapt det presset som har vore nødvendig for å få på plass aukinga. Det er Senterpartiet som har vore på statsministerens kontor og lært Jens kvar han skal finne milliardane.

Årsmøte - Senterpartiet set spor etter seg i form av nye vegar og nye spor. Vi endrar folks kvardag, og vi endrar måten samfunnet fungerar på. I Telemark er Eidangerparsellen under bygging. Reisetida blir 20 min kortare, frå sentrum til sentrum på 12 minutter i 2018! Tenk på kva det vil ha å seie for vekst og utvikling! Den nye tunnelen mellom Århus og Gvammen forkortar reisetida mellom Seljord og Notodden med minst 15 min! Telemark Teknologipark har allerede teikna inn nytt næringsbygg ved tunnelopninga som skal huse titalls - kanskje hundrevis - av nye arbeidsplassar. Nye spor og nye vegar forandrar  Telemark, og årsmøte, det er VÅR forteneste. Det tek tid å byggje veg og bane, og årsmøte - vi har eit val å vinne, vi skal framleis ha høge ambisjonar, for vi har jobba for hardt, for lenge, til at det er ein statsråd frå Høgre som skal klippe snora i Porsgrunn og på Århus og åpne nye spor og nye vegar i Telemark i åra som kjem!

Bypakke Grenland er eit begrep dei fleste kjenner. Men kva betyr det? Jo, bypakka er oppskrifta på eit moderne, robust Grenland, på eit Grenland som skal vere motoren i Telemark, på eit Grenland der enda fleire vil bu.

Bypakke Grenland handlar om Lillelvkrysset og Skyggestein - Skjelbredstrand, men den handlar om så mykje meir. Den handlar om eit grønnare Grenland - om nye gang- og sykkelvegar, fleire og raskare bussar, betre flyt i trafikken, betre luft, gode nærmiljø og trygge skulevegar.
Bypakke Grenland handlar ikkje om bompengar - den handlar om korleis ein av dei største byregionane i landet skal utvikle seg.
Senterpartiet vil ha gjennom bypakke Grenland snarast mogleg - fordi vi vil ha eit grønare Grenland!


Eg får ofte innspel frå folk om ting som ikkje fungerar i NAV. Det vil eg gjerne ha meir av. Eg vil og høyre om dei som har gode erfaringar.Om vi skal kunne ha ein human velferdsstat som har enkeltmennesket i fokus, må vi som politikarar få høyre korleis den enkelte opplev møtet med staten.

Ei rettesnor for meg er at folk skal oppleve staten som ein medspelar i alle fasar av livet, ikkje minst når dei treng det som mest. Innbyggjarane skal ikkje møte ein betongvegg av byråkrati når dei vender seg til det offentlege! Vi må ha ordningar som faktisk hjelper folk som kjem i ein vanskeleg livssituasjon. I dag er det altfor mange ordningar, og ingenting som syr desse saman.

Eg har oppgjennom vore i kontakt med mange som av ulike grunnar har falle mellom meir enn to stolar i det offentlege Noreg. Sjukdom hos ein sjølv eller andre familiemedlemmer, graviditet, samlivsbrudd, ein arbeidsplass som går konkurs, ein kjæreste som får skuleplass på andre kant av landet, ein møter ein ny kjæreste og ønsker å flytte på seg. Alt i livet kan ikkje planleggast, og ting skjer ofte samtidig. Vi må ha ordningar som sikrar folk inntekt i slike periodar, samtidig som det stimulerar folk til å vere i jobb.

Ei eg kjenner vart sjukemeldt etter ei svært vanskeleg hending i livet, og var samtidig i ferd med å flytte til ein ny stad, for å bu saman med kjæresten sin. Ho ynskte å kome seg i jobb att og være sjukmeldt kortast mogeleg. Etter samtalar med NAV fekk ho råd om at ho skulle seie opp jobben ho var sjukemeldt i frå, og så kunne ho vere arbeidssøkar på den nye heimstaden og ha rett til arbeidsledighetstrygd. Ho skulle då sleppe dei 8 vekene karantenetid som ein får når ein seier opp jobben sin frivillig. Ho gjorde det, men når alt kom til alt fekk ho likevel karantenetid og sto 2 månadar utan inntekt. Hadde ho fortsatt å gå sjukemeldt hadde ho framleis hatt inntekt, men ho vart altså straffa for å ville kome seg i jobb att. Slik kan vi ikkje ha det! Det er i alt for mange tilfeller slik at det lønner seg for folk å vere sjukmeldte, fordi det er det einaste som sikrar dei inntekt.

Ei anna eg kjenner har også kome i ein krevjande situasjon. Ho har fått 2 ungar på kort tid, har nyleg vore gjennom eit samlivsbrot, er no i ferd med å fullføre lærlingetida si, men har fått beskjed frå legen om at ho av helsemessige grunnar må avbryte denne. Ho har kjempa lenge for å fullføre, men no sett legen foten ned. Ho har altså inga ferdig utdanning å omskolere seg frå, ho har ikkje ungdomsrett til vidaregåande opplæring lenger og ho er aleinemor med to små ungar. Foreldreansvaret er i utgangspunktet delt med barnefaren, noko samfunnet oppfordrar til i dag. Fordi dei har delt omsorg har ho då ikkje rett til verken overgansstønad eller andre stønadar for einslige forsørgarar, sjølv om ho per idag lev på lærlingelønn. Kva slags ordningar skal hjelpe henne i hennar situasjon? For å sikre seg og ikkje stå på bar bakke går ho sjukemeldt frå lærlingejobben sin, slik at ho i alle fall har ei lita inntekt å klare seg på.

Dei raudgrøne partia har gjort ein god del forbetringar og forenklingar medan vi har site i regjering. Men, vi kan ikkje vere fornøgde så lenge vi alle kjenner nokon som har møtt veggen hos den etaten som skal hjelpe folk vidare i ein vanskeleg livssituasjon. Svaret frå NAV i mange av desse sakene er at “regelverket gir ikkje rom for dette”. Svaret mitt er; då må regelverket endrast! Eg har sjølv opplevd kor tøft det kan vere når slike ting skjer. Det vert ekstra tøft om ein i tillegg må kjempe ein ekstra kamp mot det offentlege. Det har dei færraste krefter til når ting verkeleg buttar i mot.

Det første som må gjerast er å instruere NAV om å gje folk kontaktinformasjon til den saksbehandlaren dei får hos NAV Forvaltning. Folk i ein vanskeleg livssituasjon treng eit kontaktpunkt - eit NAV - eit medmenneske - som ser løysingar og ikkje manglande kryss på eit skjema.  Dei treng eit system som har fokus på å behandle søknadar raskast mogeleg og hjelpe folk vidare. Som Stortingsrepresentant for Telemark skal eg jobbe knallhardt for ordningar som har enkeltmennesket i fokus, som tek hensyn til at livet forandrar seg og at uforutsette ting skjer. Målet må vere å hjelpe folk ut i arbeid og utdanning. Misbruk av offentlege ordningar vil desverre alltid forekomme, men vi kan ikkje ha eit system som har som utgangspunkt at alle menneske i dette landet er potensielle trygdemisbrukar. Vi må sørge for enkle og logiske reglar, ei sakshandsaming der medmennesket er i fokus, lokalkontora må få avgjere fleire saker og folk må kunne ordne mest mogeleg via nettet. .


For ein knapp månad sidan var eg med Liv Signe rundt i Telemark. Ein av tinga ho la merke til då ho køyrde hit på kvelden var at ho kom til eit Telemark der det er lys i glasa. Resultatet av ein aktiv nærings- og distriktspolitikk for heile landet.

Statkraft og Tokke kraftverk var fyrste stopp. Det er takka være Senterpartiet at overskotet frå Tokke kraftverk og andre går til innbyggjarane i Telemark og ikkje i lomma på internasjonale industrikonsern. Dette har ikkje komme av seg sjølv! Det er eit resultat av bevisste politiske valg og ein kamp for å behalde ressursane der dei faktisk vert skapte!

Vi besøkte Vest-Telemark vidaregåande, og yrkesmessa der. Vest-Telemark vidaregåande er ein desentralisert skule i utvikling. Vi har no fått på plass att ei elektrolinje der. Det er heilt avgjerande for den framtidige rekrutteringa inn til bedrifter som Statkraft. Det er ikkje utan grunn at sjefen på Statkraft nemner elektronlinja kvar gong han er i avisa for tida. Dette er takka være Senterpartiet. Vi tek næringslivets behov på alvor.

Vi stoppa på Åmdals Verk, og fekk servert lunsj på nærbutikken. Limet i bygda, der folk møtest, kva er småbygdene utan nærbutikken? Eigaren av butikken på Åmdals verk og mange andre butikkeigarar i distrikta lever i ei litt anna verkelegheit enn Rema-Reitan og Rimi-Hagen. Her snakkar vi ikkje enorme overskot i eiga lomme, men om marginar som gjer det krevjande å investere i nye kjøler eller datautstyr. Merkur-programmet, som Senterpartiet nettopp har styrka, gjer det mogleg for desse butikkane å utvikle seg.

Vannkrafta er ein evigvarande ressurs. Men, inntektene dette gjev kommunane våre er i fare. Erna og Høgre vil sette alt dette i spel. Erna har lurt media til å tru at ho har freda heimfallsinstituttet. Men, det hjelper ikkje å pakke inn dårleg politikk i gode formuleringar. Høgre spelar fremdeles russisk rullett med det norske arvesølvet og grunnlaget for vekst og busetting i distrikta våre. Dette skal vi fortelje folk!

Høgre prøvar å framstå som noko anna enn det dei er. Men bak dyre slagord frå pr-byråa finn vi framleis partiet som er milliardæranes beste venn, som meiner at størst er best og som ynskjer å ta makta frå kommune-Noreg gjennom ei massiv tvangssamanslåing av kommunar. Joda, språkbruken har moderert seg noko. Men, det ER tvang å true fram kommunesamanslåing gjennom å stenge pengesekken, slik dei gjorde sist dei var i regjering. Vi må sørge for at velgarane i Telemark ikkje let seg lure.

Eg forstår at Erna Solberg kunne tenkt seg å berre ha 4 ordførarar frå Telemark på nakken om ho blir statsminister. Det er jo mykje enklare enn å ha 18 ordførarar og ein fylkesordførar som stiller tydelege krav! Det å ha tydelege talspersonar for Telemark er viktig! Ei massiv kommunesamanslåing, som fjernar talspersonar for oss som bur i distrikta er ein dårleg deal for Telemark.

Høgre har lenge vore uvanleg uklare på kva politikk dei vil føre om dei kjem til makta att. Men, på eitt område er dei blåblå kameratane tydelege: norsk landbruk skal endrast radikalt! Dette valget er på mange måtar eit skjebnevalg. For norsk landbruk vil ei blåblå regjering vere katastrofal! Og etter at Telemark KrF stemte med H og FrP når fylkesutvalet vedtok innspill til jordbruksforhandlingane, er eg ikkje akkurat overtydd om at KrF verkeleg er landbrukets frelsar. Deira forsøk på å framstå som det “nye” landbrukspartiet er lite truverdig!

Gode økonomiske vilkår for landbruket, for matproduksjonen i dette landet, er avhengig av et sterkt Senterparti! Senterpartiet utgjer ein forskjell! Det må vi fortelje forbrukaren som vil ha rein og trygg norsk mat.

Telemark skal bidra til at landsmøtet i Senterpartiet vedtek Noregs mest offensive landbrukspolitikk! Vi blir stadig fleire - det er behov for å ta eit  større ansvar for eiga matforsyning! Skal vi få til det, må vi ville eit levande landbruk. Vi må vere tydelege på inntektsmåla og det å ta norske ressursar i bruk og auke sjølvforsyningsgraden. Landbruket er viktig for fylket vårt, og eg vil vere ein tydeleg talsperson for Telemarksbonden.  

Norsk matmangfold skaper matglede – mangfoldet vert skapt av eit sterkt landbruk! Eg vert stadig imponert over kor fantastisk mykje godt det finst på lokalmatområdet. Dette er produkt det ofte er stor etterspørsel etter. Matgleda ser vi t.d.. ved arrangement som Mersmak i Skien og på Dyrsku`n. Telemark er mulighetenes matfylke!

Årsmøte, det er seks og ein halv månad til valet. Det er seks og ein halv månad med moglegheiter til å profilere vår politikk, få fram våre løysingar, setje dagsorden, og prate med folk om kva for eit Telemark vi vil jobbe for. Vi veit vi er underdogs som vi seier på nynorsk. Vi har ingen stortingsplass per idag. Det gir oss også handlingsrom. Det betyr at vi har alt å vinne, ingen ting å tape!

Det betyr noko for Telemark at det kjem ein senterpartist på Stortinget! Vi skal farge regjeringa grønare, og sikre nye vegar, spor og arbeidsplassar til Telemark. Senterpartiet utgjer ein forskjell. Telemark Senterparti skal på tinget att -  eg er klar!