Meny
Bli medlem

Nettverkssamling 24.10-25.10 på Nordfjordeid ein suksess!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Tusen takk til innleiarar og alle som kom på Senterkvinnene si nettverkssamling. Ein flott gjeng som var samla for politiske diskusjonar, raushet og inspirasjon.

Fylkesstyret til Senterkvinnene er veldig fornøgd med nettverksamlinga i helga og glad for alle som møtte opp. Vi hadde gode politiske diskusjonar og alle reiste heim med inspirasjon i kofferten.

Vi fekk ei oppsummering so langt med blå-blått styre av Liv Signe Navarsete, noko som viser at vi trengs meir enn noko gong. Verdien vår om likeverdige tilbod uansett kor du bur er viktig!

Anne Beathe Tvinnerreim snakka om korleis vi kan engasjere kvinner i politikken, ho inspirerte oss med sine raushetsteknikkar og korleis vi vil ha vår politiske kvardag. Ei klok dame!

Unn Aarrestad tok oss gjennom kvinnene si rolle i politkken opp gjennom åra. Det har heldigvis skjedd mykje, men det er fortsatt ein veg å gå.

Karina Hetle Solheim er ei sterk og modig dame som traff oss alle med si historie og reise som kvinneleg gründer. Ho både utfordra og inspirerte oss!

Jenny Følling avslutta det heile med oppkøyring mot kommune- og fylkestingsval 2015. Vi hadde ein god debatt og Jenny minna oss på mange viktige ting, ikkje minst at våre verdiar må fram.

Ein slik samling vil vi også gjere til neste år i oktober, så følg med når datoen kjem!

Tusen takk til alle som bidrog til at dette blei ei flott helg.