Meny
Bli medlem

Nissedal Sp si kravliste til Beate

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Nissedal senterparti gledar seg til å få deg inn på Telemarksbenken på Stortinget! Og til at du skal arbeide for HEILE Telemark! For oss i Nissedal er det viktig at du fortsetter arbeidet med aktiv distriktspolitikk. Me treng di hjelp til å fortsatt ha aktive nærmiljø. For å få det til må me ha ein kommuneøkonomi som gjer lokalpolitikarane i stand til å oppretthalde gode tenestetilbud til innbyggjarane

TIL STORTINGSKANDIDAT BEATE MARIE DAHL EIDE

Nissedal senterparti gledar seg til å få deg inn på Telemarksbenken på Stortinget! Og til at du skal arbeide for HEILE Telemark!

For oss i Nissedal er det viktig at du fortsetter arbeidet med aktiv distriktspolitikk. Me treng di hjelp til å fortsatt ha aktive nærmiljø. For å få det til må me ha ein kommuneøkonomi som gjer lokalpolitikarane i stand til å oppretthalde gode tenestetilbud til innbyggjarane.

Me har ei 10-punktliste som er heilt konkret og som me vil du skal arbeide med for å hjelpe oss i Nissedal:

  • Halde liv i grendeskulane
  • Dei praktiske faga må få større plass i ungd.skulen
  • Halde liv i nærbutikkane
  • Auke folketalet
  • Bru i ferjesundet
  • Ny R41
  • Meir pengar til fylkesvegane
  • Aktive bønder i bygda både land- pels- og skogbruk
  • Styrking av folkebiblioteket
  • Styrking av kommuneøkonomien

Me har sett at 8 år med sp i regjering har ført til vekst i folketalet i Nissedal. Fleire unge har valt å flytte heim. Me har fått tilflytting av folk som ynskjer å bu på bygda. Det er arbeidsplassar, barnehagar og skular. Land- pels- og skogbruket er ei viktig næring. MERKUR har sikra nærbutikkane. Og det blir bruka asfalt i vår del av fylket. Dette arbeidet må fortsette! Me treng ei sp stemme på Telemarksbenken!