Meny
Bli medlem

Nominasjonsforslag klart i Sogn og Fjordane

Sist endret: 27.09.2020
Nominasjonskomiteen i Sogn og Fjordane Sp foreslår Liv Signe Navarsete på 1. plass, Jenny Følling på 2. plass (her er dissens frå ein) og Sigurd Reksnes på 3. plass.

 

 

Nominasjonsnemnda i Senterpartiet er no ferdige med sitt endelege listeframlegg:

1.      Liv Signe Navarsete – Lærdal

2.      Jenny Følling – Gaular

(Dissens frå Nikolai Åshamar (Senterungdomen), som foreslår Aleksander Øren Heen, Senterungdomen / Årdal)

3.      Sigurd Reksnes – Eid

4.      Aleksander Øren Heen – Senterungdomen / Årdal

5.      Gunn Åmdal Mongstad – Solund

6.      Karoline Bjerkeset – Gloppen

7.      Ruben Skrede – Senterungdomen / Jølster

8.      Jofrid Rye Hestenes – Stryn

9.      Kjetil Høgseth Felde – Fjaler

10.   Betty Hessevik – Vågsøy

 

Leiar i nominasjonsnemnda Karen Marie Hjelmeseter seier seg godt nøgd med listeframlegget – «Eg synest nominasjonsnemnda har fått til eit godt listeframlegg, god balanse mellom ulike kriterier som geografi, alder, kjønn og politisk erfaring.  Senterpartiet har som mål å få to på tinget og dette trur nemnda er den lista som vil sanke flest røyster til Sp» seier Hjelmeseter. 

 

Hjelmeseter seier det har vore eit omfattande nominasjonsarbeid denne gongen med mange gode kandidatar som har vore aktuelle for ein plass på lista.  – «nemnda har kome fram til ei nær samrøystes innstilling og det er eg glad for.  Det at vi har hatt mange gode kandidatar er eit luksusproblem for Senterpartiet i Sogn og Fjordane».  Hjelmeseter peikar også på at det er flest kvinner på lista - «Vi har mange dyktige kvinner i Sp i Sogn og Fjordane og eg er glad for å kunne legge fram eit listeframlegg med seks kvinner og fire menn» avsluttar leiaren i Senterpartiet si nominasjonsnemnd.

 

Senterpartiets nominasjonsmøte skal vere på Hermansverk fredag 25. november 2016.