Meny
Bli medlem

Noreg treng ikkje EØS-avtala

Sist endret: 27.09.2020
Liv Signe Navarsete har eitt spørsmål til Lier-Hansen: Kan du gi eitt einaste døme på at EØS-avtala har gitt ei norsk industribedrift tilgjenge til EU sin marknad som bedrifta ikkje ville hatt med frihandelsavtala som Noreg hadde, og framleis har med EU?

 

Av Liv Signe Navarsete, utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet.

EØS-avtala har ført til ei sterkare marknadsstyring av Noreg som me ikkje er tent med. Carl I. Hagen slo fast under debatten om EØS at avtala ville føre til meir Frp-politikk i Noreg. Carl I. Hagen skreiv i si innstilling frå utanrikskomiteen om ratifiseringa av EØS-avtala at EØS-avtala mellom anna ville tvinge fram meir konkurranse, mindre statsstøtte og oppheving av diskriminerande konsesjonsvilkår. Å gjennomføre slike reformer ville bli «meget lettere efter at Norge har sluttet seg til EØS, siden regjeringen da kan henvise til at vi er folkerettslig forpliktet til å gjennomføre liberalisering og ikke-diskriminering».

 

No ser me at motstanden mot EØS-avtala og raseringa av norsk arbeidsliv veks. Fleire og fleire ser korleis EØS-avtala og EU sin frie flyt pressar løns- og arbeidsvilkår på stendig fleire arbeidsplassar. Ulikskapane i løn mellom ulike yrkesgrupper aukar, og ungdom med yrkesfagleg opplæring slit med å få læreplass. Fleire i maktelita fryktar no at Noreg snart får ein grundigare EØS-debatt.

 

Eit døme er Stein Lier-Hansen, som i Klassekampen onsdag 21. januar kjem med sterke,  og dårleg dokumenterte påstandar.  Hansen skriv blant anna at EØS-avtala er ei «føresetnad» for norsk verdiskaping og velferd.

 

EU- og EØS-tilhengarane nemner medvite ikkje alternativa Noreg har til EØS-avtala. Til dømes har Sveits handelsavtalar med EU, og er ikkje bunden opp av  korkje EU- eller EØS-avtala. Sveits har hatt ei betre økonomisk utvikling dei siste åra enn dei aller fleste EU-landa. Menon Business Economics har dokumentert at Sveits og Noregs handel med EU har utvikla seg relativt parallelt, sjølv om Sveits står utanfor EØS-avtala. I 2009, i etterkant av finanskrisa, opplevde både EU-landet Sverige og Noreg eit kraftigare fall i vareeksporten til EU enn Sveits.

 

Eit anna døme på land med ei anna tilknyting til EU sin indre marknad er Sør-Korea. Landet har inngått ei frihandelsavtale med EU på varer og tenester (KOREU-avtala), utan at dei korkje har brote eiga grunnlov eller mista sitt nasjonale sjølvstende.

 

EU har inngått meir enn 200 handelsavtalar med land over heile verda. EØS-avtala er på si side ei særordning i internasjonal målestokk, der ein part einsidig gir opp sjølvråderetten, for at begge partar får gjensidig tilgjenge til kvarandre sine marknader. Der er i det heile få døme på tilsvarande avtalar i resten av verda.

 

Ein skal vere merksam på at dei generelle tollsatsane i verda i dag er svært låge. Dei gjennomsnittlege tollsatsane er i dag om lag 3,5 prosent – noko som er 40 prosent lågare enn då EØS-avtala blei underteikna. EU har ikkje, grunna WTO-avtala, rett til å krevja ein eigen, ekstra tollsats ovanfor Noreg. Dette ville uansett ha vore irrasjonelt, då kostandene til mange av bedriftene i EU ville ha auka etter som fleire bedrifter i stor grad nyttar norske eksportvarer som innsatsfaktorar i eigen produksjon.

 

Lier-Hansen skriv at å seie opp EØS-avtala er å «spele hasard med arbeidsplassar og velferd». Han prøver ikkje ein gong å dokumentere påstanden.  Påstanden er villeiande. SSB presenterte i 1999 ei utrekning som analyserte velferdsverknader av fire handelsavtalar som Noreg underteikna på 90-tallet: EØS-avtala, WTO-avtala, samt to avtalar som avgrensar subsidiane til høvesvis fiskeria og verftsindustrien. Der konkluderte forskarane Taran Fæhn og Erling Holmøy med at «dei fire avtalane gir ein total velferdsvinst på 0,77 prosent. Omrekna til like store årlege kronesummar, utgjer velferdsauka ca. 0,65 prosent av BNP». EØS-avtala har spelt ein minimal rolle for velferdsutviklinga i Noreg.

 

Lier-Hansen prøver å gje inntrykk av at Noreg vil miste tilgjenge til marknadene i Europa utan EØS-avtala. Det Hansen ikkje nemner er at Noreg heilt sidan 1977 har hatt ei frihandelsavtale som har gitt oss tollfri tilgjenge til EU-marknaden for alle industrivarer. Denne frihandelsavtala er ikkje sagt opp.

 

Tidlegare Ap-statsråd Halvard Bakke skriv følgjande om Noregs tilgjenge til EU sin marknad for industrivarer i Nei til EUs årbok for 2012: «Sanninga er at me ville fått selt produkta våre like greitt også utan EØS-avtala. Ved bortfall av EØS ville den tidlegare handelsavtala med EU automatisk tre i kraft i samsvar med § 120 i avtala. Noreg ville kunne selje sine varer utan toll og andre handelshindringar akkurat som før.”

 

Eg har eitt spørsmål til Lier-Hansen: Kan du gi eitt einaste døme på at EØS-avtala har gitt ei norsk industribedrift tilgjenge til EU sin marknad som bedrifta ikkje ville hatt med frihandelsavtala som Noreg hadde, og framleis har med EU?