Senterpartiet vil ha naturleg norsk mat. Vi vil ta heile Noreg i bruk, også når det gjeld matproduksjon. Vi vil styrke og vidareutvikle matlandet Noreg. Det betyr også å føre ein landbrukspolitikk som gjev trygg og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig næring. Difor må vi ha eit sterkt importvern. Her må vi utnytte WTO- avtala så langt det går for å styrke importvernet på jordbruksvarer.
Eit anna viktig moment er å ta vare på matjorda. Det er eit underskot på dyrkbar jord i Noreg. Meir matjord må dyrkast opp og mindre må byggast ned. Vi må balansere omsynet til utbygging av industri, infrastruktur og bustadar mot omsynet til matproduksjonen.
Hovudmenyen til hausten byr på mange ulike val. Det er ikkje alle som har god norsk mat på menyen. Vi er villig til å betale 125 kr meir pr. år for trygg og sikker mat. Er du villig til det same? Ta eit standpunkt i dette matvalet og sei ja til kortreist mat og natur.