Meny
Bli medlem

Notodden Lufthavn for framtida

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det er urealistisk å få økonomisk bidrag frå staten til begge flyplassane i Telemark. Då meinar eg at det er rett å jobbe for at Notodden Lufthavn får dette.

 

 

Viktig debatt

Etter mitt utspel om at Telemark må samle seg for å sikre statlig bidrag til EIN flyplass i Telemark – Notodden lufthavn – har reaksjonane vore mange. Sjeldan har eg fått så mykje skryt - og kritikk - for eit utspel. Det er eg glad for. Saka engasjerer, og eg ville ha debatt. Telemark «tek ikkje av» før vi klarar å prioritere óg når det gjeld flyplass.

Staten gjev ikkje ved dørene

Det er krevjande å få staten til å bla opp for å sikre utvikling av flyplassar utanfor AVINOR-systemet. På Stord klarte dei det, men det var fordi næringsliv, politikarar, kommunar og lokalsamfunn sto saman og hadde EI prioritering – Stord Lufthavn. I Telemark jobbar vi framleis halvhjerta for kvar av våre 2 flyplassar – då får vi ingenting. Eg meinar at ei samling rundt Notodden er den beste sjansen vi har for å utløyse statleg bidrag. Eit samla Telemark vil lettare kunne skape sterkare alliansar for flyplassen på Notodden, og sørge for at denne blir ein endå betre flyplass for næringsliv og innbyggjarar i fylket vårt.

Kvifor Notodden?

Næringslivsklynga rundt Kongsberg og Notodden er verdsleiande på nokre område, til dømes innafor undervannsteknologi og forsvarsteknologi. Dei jobbar globalt, og er i ei rivande utvikling. Telemark Teknologipark utvidar vestover, og det er mange spennande teknologibedrifter i Øst-, Midt- og Vest-Telemark som veks raskt. Næringslivet gir klar beskjed om at ein flyplass er avgjerande for at utviklinga skal fortsetje. Dette signalet må vi politikarar ta konsekvensen av! Vi må gjere det vi kan for å utvikle Notodden Lufthavn – då er statleg bidrag heilt avgjerande.

Eg vil ha statlig bidrag til Notodden Lufthavn etter samme modell som Stord. Her er staten inne med ei årleg driftsstøtte. Det gir forutsigbarhet, men også insentiv til å utvikle rutetilbod og auke innteninga. Kort og godt ein vinn-vinnsituasjon for både næringslivet og staten.

Geiteryggen?

Dei som har kritisert meg meinar eg ofrar Geiteryggen. Det er ikkje opp til meg å vedta vidare drift på Geiteryggen, men eg har peika på at kartet har endra seg. Det vert stadig kortare frå Grenland til Torp, ikkje minst vert reisetida sterkt redusert når Eidangerparsellen står ferdig i 2018. Torp vert i realiteten Grenland sin  lokalflyplass, og er allereie i dag Telemark sin hovudflyplass. Behovet for ein flyplass lokalisert på ein indrefilet i Grenland når det gjeld næringsutvikling eller boligbygging i framtida, vert stadig mindre.

Prioritering

Dette handlar om at så lenge vi jobbar for to, når vi aldri opp. Då må vi samle oss om den flyplassen som er viktigast for utviklinga av næringslivet i Telemark. Prioriteringar er aldri enkle, men dei er nødvendige. Det er på tide å samle seg om Notodden Lufthavn.