Meny
Bli medlem

Ny bok syner at me har eit sterkt og levande lokaldemokrati

Sist endret: 27.09.2020
I dag blir boka ?Et robust lokaldemokrati ? lokalvalget i skyggen av 22.juli 2011? lansert. ? Forskingsresultata gjer meg trygg på at me har eit sterkt og levande lokaldemokrati, seier Liv Signe Navarsete.

 

Statsråd Liv Signe Navarsete var til stades da boka "Et robust lokaldemokrati" blei lansert torsdag. Her er ho saman med forskar Johannses Bergh og Michael Tetzschner frå Høgre.

I dag blir boka ”Et robust lokaldemokrati – lokalvalget i skyggen av 22.juli 2011” lansert. – Forskingsresultata gjer meg trygg på at me har eit sterkt og levande lokaldemokrati, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Boka byggjer på den omfattande Lokaldemokratiundersøkinga, som blei gjennomført etter kommune- og fylkestingsvalet i 2011. Hovudinntrykket er at me har eit velfungerande lokaldemokrati i Noreg.

- Me har eit robust lokaldemokrati. Det betyr at dei beste politiske vedtaka blir tekne nærast mogleg folk, og at politikken blir tilpassa den røyndommen folk lever i, seier Navarsete.

I undersøkinga blir det gjort greie for verknaden terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011 hadde på kommunevalet same haust. Forskarane meiner terroråtaka påverka både valresultatet og valdeltakinga.

Tilliten til dei politiske institusjonane og norske politikarar blei styrka. Samstundes gjekk valdeltakinga opp blant unge og veljarar med minoritetsbakgrunn. Dette er grupper som frå før hadde låg deltaking, men som var sterkt prega av terroråtaka.

Boka presenterer ei rekkje interessante funn om ulike tema knytt til lokaldemokratiet.

Mellom anna viser boka at:

  • Valdeltakinga gjekk opp ved dei to siste lokalvala, men varierer frå kommune til kommune. Om ein deltak er meir påverka av individuelle forhold enn av kommunen ein bur i. Er ein eldre, har god inntekt eller høgare utdanning, er det større sjanse for at ein stemmer.
  • Eit solid fleirtal ynskjer ikkje at kommunen ein bur i skal slå seg saman med nabokommunen. Mange er positive endringar i kommunestrukturen, så lenge det ikkje rører ved eigen kommune.
  • Innbyggjarane syner ikkje politisk aktivitet berre ved å delta i val. Mange kommunar legg til rette for påverknad frå innbyggjarane også mellom vala. Særleg i mindre kommunar er folk aktive for å påverke kommunale avgjerder.
  • Sjølv om vi har hatt enkelte hendingar knytt korrupsjon og anna misbruk av kommunale ressursar dei siste åra, er ikkje folk sin tillit til lokalpolitikarane og lokaldemokratiet svekka.

Boka ser også på politisk deltaking i sentrum og periferi, samt demokratiske innovasjonar knytt til forsøk med nedsett stemmerettsalder, internettstemmegjeving og samordning av kyrkjeval og lokalval. Eit anna tema er fylkestingsvala.

- Boka styrkjer meg i trua på at kommunane, store som små, greier å ivareta oppgåvene sine. Det er inga grunn til sterkare statleg styring for å ”halde styr” på kommunane. Kanskje tvert imot, lokaldemokratiet står så sterkt i folk si medvit at ein bør heller tenkje på at kommunane bør gjevast meir ansvar for lokal styring, seier statsråden.

Institutt for samfunnsforskning og Uni Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen har hatt ansvar for undersøkinga i samarbeid med forskarar frå ulike institusjonar.

Lokaldemokratiundersøkinga er finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet.