Meny
Bli medlem

Ny eigedomsbeskatning for kraftverk ? eit nytt tap for distrikta ?

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Gjennom media har vi blitt kjent med at regjering har sendt ut på høyring eit framlegg om å endre eigedomsbeskatninga for produksjonsutstyr og installasjonar. For kraftkommunane vil dette kunne medføre at nettselskapa slepp kommunal skatt for bl.a. kraftliner og master. Endringane kan bety milliontap for distriktskommunane der mesteparten av kraftproduksjonen ligg. Samstundes vil nettselskapa saman med staten få gevinsten.

 

Nettselskapa kan auke sine overskot, og som dei fleste veit ligg dei fleste av desse i byen. Litt enkelt kan altså pengane fylgje kraftlinene frå distrikta inn til byen. I tillegg får staten sin del i og med at  eigedomsskatten kjem til frådrag på allminneleg inntekt som dermed aukar den statlege selskapskatten.

Leiarartikkelen i VTB for laurdag 11. juli kallar med rette dette som eit svik mot distrikta. Eigedomskatten er einaste kompensasjonsforma distrikta har for å avstå store naturressursar og areal ved utbygging av store kraftliner.  Høgreordføraren i Hol kommune, Tony Arild Kjøl, fryktar konsekvensane og meiner bestemt at distrikta må få behalde desse inntektene

Framlegget føyer seg dessverre inn i rekkja av mange endringar i disfavør av distrikta. Tidlegare i år kom regjering med framlegg om ny modell for selskapskatt. Kommunar med vekst i arbeidsplassar skal belønnast med ein del av selskapsskatten. Problemet er berre at etter finansdepartementet sine berekningar er det praktisk talt berre kommunar i sentrale strøk som vil ha fordelar av endringa.  Berre 40 av landets 428 kommunar vil tene på den nye modellen dersom den var innført i fjor, -  ingen telemarkskommunar.

For ny eigedomsskatt for kraftinstallasjonar har VTB berekna at Vest-Telemark kommunane åleine vil tape 10,4 mill årleg. Når vi veit kor pressa mange kommunar er på økonomi vil dette klart kunne få fylgjer for kommunen sine tenester for innbyggarane. Det vil vere interessant å få kommentar frå våre  distriktsrepresentantar på Stortinget. Som Seljording er det nærliggjande å utfordre stortingsrepresentant og ordførarkandidat Solveig Abrahamsen ( H ) til kommentar.

                                                                                                              Henry Mæland, ordførarkandidat Seljord Sp