Meny

Ny finanslov må ikkje svekke dei lokale sparebankane

Banklovkommisjonen leverte i 2011 ei utgreiing som dannar grunnlaget for framlegg til ny finanslov, jf. NOU 2011: 8 Ny finanslovgivning.Lovframlegget inneber blant anna ei ny regulering av sparebankalliansane. Reguleringa vil påføre det store fleirtalet av norske sparebankar ein vesentleg kostnadsauke, svekka kapitaldekning og meir byråkrati, meiner Vest-Agder Senterparti.

 

105 av 110 sparebankar i Norge deltar i ei eller anna form for allianse. Muligheita til å delta i slikt samarbeid er livsviktig for å kunne oppretthalde dagens desentraliserte sparebankstruktur, med levande lokalbanker i heile landet. Alliansane bidrar med ulike bankprodukt, driftstenester og IKT-løysingar som kvar enkelt bank ofte er for liten til å utvikle åleine. Framlegget frå Banklovkommisjonen vil påføre bankar som deltar i slike alliansar store kostnadar og svekka kapitaldekning.

Dei lokalt eigde sparebankane er svært viktige for vanlege bankkundar og særleg for næringsliv, kultur, idrett og foreiningsliv rundt om i landet.

Vest-Agder Senterparti meiner at den nye finansloven må utformast slik at sparebankane og alliansane kan drive som i dag. Vi ber finansdepartementet endre lovframlegget før det blir lagt fram for Stortinget.