Meny
Bli medlem

Nye bustadtomter i Tokke

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Tokke SP har bidrege til å få sett av pengar til førebuing og planlegging av nye bustadtomter, og vi fekk det også inn i handlingprogrammet som ei prioritert oppgåve for 2013. Tida går, og vi kan ikkje sjå at dette arbeidet er komme i gang. Tokke SP meiner dette hastar, og vi har derfor fylgjande spørsmål til Ordføraren: Vil Ordføraren ta eit initiativ for å få dette arbeidet i gang snarast råd?


Det er lite attraktive bustadtomter i Tokke kommune. Slik Tokke SP ser det er det svært viktig at kommunen til ei kvar tid har fine bustadtomter tilgjengeleg, og vi har dette som eit viktig punkt i partiprogrammet vårt. Kommunen treng etablering både av familiar og einslege, unge som gamle. For å legge til rette for dette er byggeklare bustadtomter noko av det viktigast kommunen kan gjere. Det er også slik at dei som i dag vil bygge hus har store krav til bustadtomta, og vi må tenke nytt på kva område vi ynskjer å bygge ut.