Meny
Bli medlem

Nye traineear i Senterpartiet

Sist endret: 27.09.2020
Ada Johanna Arnstad (23) frå Skatval i Nord-Trøndelag og Hilde Horpen (19) frå Årdal i Sogn og Fjordane er no tilsett som traineear i Senterpartiet frå midten av juni til midten av august 2016.

 

 
 

 

Ada Johanna Arnstad har utdanning frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås innan fornybar energi og frå Universitetet i Oslo innan internasjonale studier. Ada har lang fartstid og har gått alle gradene i Senterungdommen, fram til at ho vart vald til nestleiar i sentralstyret på landsmøtet i november. Ada har og vore president i Nordiska Centerungdomens Förbund.

Ada Johanna Arnstad ?

– Eg er utruleg takksam over å ha fått jobben og gler meg til å starte.  Dette er ein flott muligheit som eg verkeleg skal utnytta, seier Ada Johanna Arnstad.

 

Hilde Horpen har fullført helsefagutdanning ved Årdal vidaregåande skule og går no på påbygg til generell studiekompetanse. Hilde har spelt og dirigert i korps og vore aktiv i Noregs Musikkorps Forbund. Ho har vore nestleiar i Sogn og Fjordane Senterungdom og er nestleiar i Årdal Senterparti. Hilde Horpen vart i fjor haust vald til kommunestyret og formannskapen i Årdal kommune, og er no landets yngste formannskapsmedlem.

Hilde Horpen foto: Hanne Stedje/Sogn Avis

- Eg vart positivt overraska og glad når eg fekk vita at eg fekk jobben. Eg hadde ikkje forventa det, når eg veit kor mange flinke folk som er med i Senterungdommen og i partiet. Eg gler meg veldig, og ser på dette som ei fin moglegheit til å læra meir, seier Hilde Horpen.