Meny
Bli medlem

Olav Tho i Hjartdal SP:: EIGEDOMSSKATT OG SANNHETS ERKJENNELSE I HJARTDAL KOMMUNE

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Det måtte over 1000 klager (norsk rekord?) til før arbeiderpartiordføraren i Hjartdal kom til sannhets erkjennelse og skjøna at det var slutt på «å ri stormen av». Så gale kan det bli når ei allmektig kommunestyregruppe frå Ap konsekvent har stemt ned dei aller fleste framlegga frå dei to andre partia i kommunestyret. Ved taktisk stemmegjeving har partiet til og med hindra Sp å få dei to representantane partiet skulle hatt i dei to hovudutvala i kommunen ut frå mandatfordelinga. Det blir i bygdene snakka om «fleirtalsdiktatur», og slik kan det kjennast om ein har fylgt med på det som har skjedd i kommunestyret i denne perioden. Fleirtalspartiet, Ap, kan ikkje rømme frå at dei vedtok i budsjettsaka sist haust at det skulle krevjast inn 12 millionar i ny eigedomsskatt. (og det er noko langt meir enn ein intensjon) Dette skjedde utan konsekvensutgreiing og drøfting med dei det gjeld! Resultatet blei som venta fortvila næringslivsfolk som ser at livsgrunnlaget deira smuldrar bort, hyttefolk som med god grunn er rasande og fastbuande som opplever nye, tunge skattekrav frå eigen kommune. Omdømmet som kommunen har bygt opp over mange år, er rive ned på særdeles stutt tid! Det vil koste mykje pengar, tid og hardt arbeid å byggje det opp att. Ap-fleirtalet i kommunestyret har vedteke å bruke 1,3 millionar til konsulentarbeid? i samband med bygging av fleirbrukshall i 2015 og til saman 19,5 millionar på bygging av «storstoga», med start i 2016. Truleg vil prosjektet i alt koste bortimot 40 millionar. All kommunal kostnad til dette må dekkast inn ved høg og høgare eigedomsskatt. I tillegg kjem årleg millionkostnad (som det enno ikkje er rekna på), til drift som og må dekkast inn av eigedomsskatt. Dersom Ap-fleirtalet ikkje no skjønar at dette prosjektet må utsettast på ubestemt tid, må det koma eit folkekrav om folkeavstemming i denne saka!


.