Meny
Bli medlem

- Oljen utanfor Lofoten kan få liggje i fred ei god stund til

Sist endret: 27.09.2020
- Den oljen og gassen som kanskje finst utanfor Lofoten kan få liggje i fred ei god stund til. Det gjeld og det som måtte finnast i Nordland 6. Men varig vern bør heller ikkje her vera aktuelt for Senterpartiet. Det kan kome ein dag då tryggleiken er høgare, og reinsinga av utsleppa frå olje og gass er betre, sa Senterpartleiar Liv Signe Navarsete i sin tale til partiets landsstyremøte 11. februar.

Tale av Senterpartileiar Liv Signe Navarsete til partiets landsstyremøte på Gardermoen 11. februar 2013

 

NB! Sjekkes mot framføring.

 

Senterpartiet har dei siste sju åra vore Det Viktige Sentrumspartiet i norsk politikk! 

Vårt felles mål for valet 9. september er at det skal vera slik også dei neste fire åra.

Senterpartiet har bidrege til ei positiv utvikling i heile landet.  Det vert skapt arbeidsplassar i rekordfart.  Mest i private verksemder, stikk i strid med høgresida sine påstandar.

Men også innanfor barnehage, skule, helse og omsorg har det vore sterk vekst. Fordi me har prioritert kommuneøkonomien.

Landbruket har hatt lik kronemessig utvikling som andre grupper. Når hadde dei det sist?

Som samferdsleminister hadde eg sjølv gleda av å kjempa fram eit historisk samferdsleløft, med satsing både i by og land.

Eg kunne fortsett lenge, men poenget er: Me har sett djupe, grøne spor etter sju år i regjering.

Landsstyre, me står føre ein viktig politisk vår. Og me står føre eit særs viktig politisk val.

No må ikkje det politiske spelet få skygga for kva valet eigentleg handlar om.

Grunnleggjande sett er dette eit val om kva retning me ynskjer utviklinga i landet vårt skal ta.

Me skal formidla kva forskjell Senterpartiet utgjer.  Og me skal fortelje kva verdiar og retning Senterpartiet vil ha for landet.

 

Korleis hadde Noreg sett ut utan Senterpartiet ved roret?

Eg meiner Senterpartiet og den rørsla me har vokse ut av har gjort mykje for å forma det Noreg me er glad i.

Det er me som har teke heile Noreg i bruk.

Sist torsdag var eg i Vest-Telemark. Opne vakre bygdelag og tettstader der folk står på for å skape gode kvardagar, inntekter og ei framtid.

På Dalen vidaregåande skule møtte eg eit aktivt næringsliv og offentleg sektor som på  yrkesmessa marknadsførte seg for å rekruttere ungdom til å ta utdanning nett innanfor deira felt. 

I kaffikroken på nærbutikken fekk eg høyre om bygdefolk som gjekk inn med aksjekapital for å sikre drifta vidare.   Det var lys i husa me køyrde forbi på veg inn att til Oslo om kvelden.

Kontrasten er enorm til det eg såg då eg i sommar køyrde frå Kiruna i Sverige til Rovaniemi i Finland.

Mil etter mil utan eit einaste hus. I dei få me såg var lysa sløkte i vindauga. Bygdene var rett og slett ikkje busett.

Noreg og Sverige er ganske like land.

Men ein forskjell er verkeleg synleg: Noreg har ført ein heilt annan politikk for bygder og tettstader enn grannane våre. Og Senterpartiet har vore ei sterk politisk kraft for å forme landet vårt.

I motsetnad til i mange andre land kan me faktisk velja eit liv i livskraftige, små eller større lokalsamfunn i heile landet.

Det er muleg fordi me har ført en aktiv politikk som utfordrar tyngdekrafta i sentraliseringa.

Det er mulig fordi me har vald å investere i framtida i heile landet, ikkje berre i dei mest sentrale stroka. For oss er dette eit verdival, som seier noko om kva me ynskjer Noreg skal vera.  Også i framtida skal me ta heile landet i bruk!

Forfedrane våre slo seg ned der dei kunne leva av naturen. Framleis haustar me av dei rike mulegheitene landet har gitt oss, og skaper verdiar som heile Noreg nyt godt av.

 

Berekraftig hausting av naturen er ein kjerneverdi for Senterpartiet.

Dette er grunnleggjande. Det handlar om kven me er og kor me kjem i frå.

Eg meiner ingen parti forstår dette betre enn oss. Det skulle berre mangle, med tanke på historia vår.

Me er skipa av folk som i alltid har levd av, med og i naturen.

Gjennom heile historia til partiet vårt har me gått føre og fronta den praktisk retta, jordnære miljøpolitikken.

Og me var særs tidleg ute.

Vår eigen statsminister, Per Borten, braut ny mark då han sette ned det såkalla ressursutvalet under leiing av Trygve Haugeland.

Utvalet skulle utgreie dei verkeleg store spørsmåla; om den totale bruken av naturressursane, og korleis naturen blei påverka av at vi brukar han.

Måtehald og ressurssparing var verdiar som opptok Sp-leiinga på den tida.

Utvalet skriv mykje klokt og interessant om langsiktig forvalting av dei norske naturressursane. Men kanskje mest imponerande; dei peika allereie då på den komande klimautfordringa. Dei skreiv i 1972 følgjande:

«Ifølge beregninger utført i USA nylig, er det ikke usannsynlig at man i år 2000 vil kunne få en økning i jordens overflatetemperatur på 0,5o - vesentlig på grunn av økning av CO2-mengden på anslagsvis 18 pst.»

I dag veit me at det er enno meir alvorleg. Heile verda kjempar for å unngå ei auke på to grader.

Utvalet skreiv også noko anna interessant;

«Sannsynligvis er jordens gjenværende ressurser av fossile brennstoffer ikke så omfattende at miljøforandringer av denne type noen gang vil bli noe virkelig problem.»

Dette var i Ekofisk sin barndom. Noreg var enno ingen oljenasjon.

Sidan den gongen er det funne enorme nye mengder fossil brensel i Noreg og resten av verda.

Og i dag veit me at jorda vår ikkje toler at me tek ut og brenn all fossil energi som er funne.

Det Internasjonale Energibyrået (IEA) er tydelege på at mykje av den oljen som allereie er funne, må bli verande under jorda om me skal stogge oppvarminga.

FN sitt utviklingsprogram viser at me i 2080 kan oppleva at 600 millionar fleire enn i dag vert ramma av feilernæring på grunn av klimaendringar.

Spørsmålet er då om Noreg - me som alt har gjort oss rike på olje og gass - skal køyre i full fart framover og utvinne alle våre ressursar, medan fattige land får beskjed om at klimaet ikkje toler at dei utvinn sine petroleumsressursar?

Kva for ressursar me skal spara for framtidige generasjonar blir ein viktig diskusjon framover.

Lofoten, Vesterålen og Senja er i enkelte delar av året eit samanhengande fiskefelt, med Lofotfisket i januar til april som det mest intense.  Desse områda representerer dei rikaste bestandane av torsk og sild i verda.   I 2011 blei det frå desse havområda levert 15% av all fisk landa i Noreg, og 30% av torskefangsten.  

Halvparten av aktive fiskarar arbeider på dei minste båtane (under 15m), og vi er i eit område med 66 fiskemottak på land som gjev viktige arbeidsplassar.   Nordland er òg det største oppdrettsfylket i landet. 

Fiskarlagets leiar, Reidar Nilsen, fastslo i debatten på NRK torsdag at når det kjem til tilhøvet olje og fisk, så

«finnes (det) ikkje eitt område i Norge som er så vanskeleg og problematisk som Lofoten og Vesterålen»

Kjære landsstyre. Senterpartiet har ein stolt tradisjon for å prioritere berekraftig hausting av evigvarande ressursar.

Lofoten, Vesterålen og Senja er eit unikt og rikt natur- og ressursområde.  Petroleumsaktiviteten er viktig for Noreg. Men me veit at me og resten av verda må omstille oss til eit lågutsleppssamfunn fram mot 2050.  Me veit at delar av oppdaga
kol-, olje- og gassressursar må få liggje om me skal stogge global oppvarming.

Gitt at me i Noreg skal la noko av oljen og gassen vår liggje, meiner eg det er feil å opna for oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen.

Den gongen Nordland 6 vart opna tilbake i 1994 var Senterpartiet også tydeleg på akkurat dette. Me sa nei til opninga fordi me meinte grunnlaget for opninga var alt for dårleg.

Me sette fram krav om at regjeringa kom til Stortinget med ei ny sak der dei skulle vektleggje nettopp miljøomsyn og langsiktig disponering av olje- og gassressursane.

Senterpartiet har hatt ei klok line i denne saka.

Den oljen og gassen som kanskje finst utanfor Lofoten kan få liggje i fred ei god stund til. Det gjeld og det som måtte finnast i Nordland 6.

Men varig vern bør heller ikkje her vera aktuelt for Senterpartiet. Det kan kome ein dag då tryggleiken er høgare, og reinsinga av utsleppa frå olje og gass er betre.

Den dagen er eg trygg på at Senterpartiet, i god tradisjon, vil vere dei som peikar på dei praktiske løysingane, og sikrar at verdiskapinga frå ressursane blir igjen lokalt.

 

 

Ein annan av Senterpartiet sine kjerneverdiar er arbeidet for sosial og geografisk utjamning.

Me ynskjer eit Noreg der det er små skilnader mellom folk. Der du har like mulegheiter, same kor du kjem frå og kva familie du
veks opp i.

Skal ein skjøna politikken bak utjamning må ein spørje seg: Kor blir det av pengane?

Kor vert verdiane skapte, og kor hopar formuene seg opp?

Senterpartiet har lenge meint at færre skal betala formuesskatt.

Og me har gjort ord til handling sidan regjeringsskiftet, med å auka botnfrådraget.  Slik er det ein halv million færre nordmenn i dag som betaler formuesskatt i høve til i 2005 .

Talet på sjølvstendig næringsdrivande som betaler formuesskatt, er nær halvert til rundt 30 000 personar.

Menneske med nøkterne formuer slepp å betala – på same tid som formuesskatten sikrar at folk med stor formue ikkje er nullskatteytarar. Dette er god sosial utjamning.

Men formuesskatten har òg ein tydeleg geografisk profil.

Tal frå SSB syner at ca 85 % av dei som betalar formuesskatt bur sentralt.

Knapt 10% av dei som betaler formuesskatt bur i distrikta.

Og personar som betaler formuesskatt i dei mest sentrale stroka betalar 75% meir enn dei som bur mest perifert.

Det heng sjølvsagt ikkje saman med innretninga av skatten. Men det dokumenterer tydeleg at medan mykje av verdiskapinga skjer kysten rundt, så hopar eigarskapen og formuane seg opp i byane.

Og difor medverkar formuesskatten til geografisk utjamning – omfordeling av formue mellom sentrum og periferi.

Så har Høgre sagt at dei ønskjer å fjerna formuesskatten.

Landsstyre - å fjerna formuesskatten i sin heilskap vil skapa eit samfunn med større skilnader, geografisk og sosialt.

Pengestraumen endrast.

Skattepolitikken viser kva me vil at Noreg skal vera.

Der Senterpartiet ynskjer eit samfunn med små forskjellar mellom folk, vil Høgre utjamne mindre.

Der Senterpartiet er opptatt av geografisk jamstilling, vil Høgre la formuane hope seg opp der eigarane sit og ikkje der verdiane vert skapte.

Der Senterpartiet skjermar små næringsdrivande, vil Høgre at storkapitalistane skal bidra mindre.

 

Me er ikkje berre opptekne av utjamning mellom folk. Me har sikra større utjamning også mellom kommunar.

Også her er det tydeleg skilnad på oss og Høgre.

Dei ønskjer nemleg å fordele pengane mellom kommunane på ein annan måte enn me gjer.

I årevis har dei foreslått å utjamna mindre av skatten mellom kommunane.

Høgre har pakka politikken inn i fine ord om å la lokalsamfunn behalda meir av eiga verdiskaping.

Det kan klinga godt. Men det er nok ikkje tilfeldig at dei ikkje vil fortelja folk om dei faktiske pengestraumane, kven som vinn og kven som tapar på ein slik politikk.

Me bad landets fremste fagfolk på kommuneøkonomi om å rekne ut konsekvensane av Høgre sin politikk, kommune for kommune.

Og resultata var særs interessante.

Erna Solberg vil omfordele 2,2 milliardar kroner.

Høgre tek pengar frå 373 kommunar med låg skatteinngang for å gje til dei 55 kommunane der det går best. Og 11 av dei heldige kommunane stikk av med nesten heile kaka.

I klårtekst: Høgre vil ta pengar frå kommunar som Hammerfest, Grong og Stor-Elvdal, for å gje til kommunar som Oslo og Bærum.

Dei fattige kommunane blir fattigare. Dei rike blir rikare. Dette, mine vener, er klassisk høgrepolitikk.

Då me presenterte desse talla såg me to interessante ting.

For det første skugga Erna Solberg unna all debatt som ikkje er positiv for partiet.  Høgre ønskjer å bygge ho som ein plettfri statsministerkandidat. Så i staden for at ho sjølv kommenterte eigen Politikk, sende ho sersjantane.

For det andre lærte me at Høgre i staden for å forsvare eigen politikk angrip fakta. Dei seier det er feil tal, sjølv om utrekningane er basert på framlegg Høgre sjølve har fremja på Stortinget.

Ja vel,  då har eg eit tilbod til Erna som ho knapt kan avslå:

Kom med din formel. Fortel reknestykket, så skal vi laga nye tabellar som viser kva for deler av landet som tener og taper på politikken din.

For, landstyre, i  motsetnad til fru Solberg så er  ikkje eg redd for å rekne ut og vise fram konsekvensane av standpunkta!

 

Kampen for eit fungerande folkestyre og grasrotdemokratiet har vore den kanskje tydelegaste lina i Senterpartiet sin politikk gjennom historia.

Det var bonderørsla som kjempa ned embetsmannsstaten og utvida det norske demokratiet. Sidan partiskipinga i 1920 har Senterpartiet heile tida halde fana høgt.

Me har verkeleg ei stolt historie.

Det var Senterpartiet som fekk gjennom offentleglova, og sikra folk og presse innsyn i demokratiske prosessar.

Me var det første partiet som opna landsmøta våre for media.

Me sikra pressestøtta, - avgjerande for at me i Noreg framleis har viktige aviser med andre perspektiv og ståstader enn dei store tabloidane.

Me førte an i kampen for folkestyre og mot at me skulle innlemmast i unionen både i -72 og -94.

Og me fører an i arbeidet med å få ei betre samarbeidsform med EU enn EØS-avtala.

Me har nyleg avklara at me går til val på den same utanrikspolitiske plattforma som den raudgrøne regjeringa har hatt heilt sidan hausten 2004.

Den politiske situasjonen gjer at det heller ikkje kommande periode er grunnlag for å seia opp eller reforhandla EØS.

Men det langsiktige målet ligg fast.

Og enn so lenge er det utruleg viktig for Noreg at me har ei hand på rattet når den daglege EU-politikken utformast.

Eg meiner Senterpartiet i regjering kvar einaste dag viser korleis handlingsromet kan utvidast.

Senterpartiet har bidrege til ei varig endring av norsk EU- og EØS-debatt.

Før me kom i regjering meinte særs mange at vetoretten i EØS var ein illusjon - no har me brukt han mot postdirektivet!

Til og med dei aller mest ihuga EU-tilhengarane argumenterte for eit veto i debatten om datalagringsdirektivet.

Før me kom i regjering, sto Noreg ofte med lua i handa når ein møtte EU-systemet. Me har i regjering gjort det stovereint å stå opp for norske interesser, som i saka om prosenttoll.

Før me kom i regjering tok ein ikkje alltid fighten når unionen utfordra oss. Me har i regjering vist at det er muleg å bruka handlingsrommet i EØS-avtala aktivt, og å utfordra og sigre over unionen i viktige saker, som i kampen for heimfall og den differensierte arbeidsgjevaravgifta.

Vår avklaring om at me går til val på same plattform som ved dei to siste vala, er ikkje ei avlysing av EØS-debatten. Vår eigen debatt om EØS seinare i dag er eit døme på det.

Akkurat som i 2005 og 2009 vil me diskutere EØS, me vil peike på det demokratiske underskotet som følgjer av ein elitestyrt union, me vil utfordre unionen på direktiv og saker som ikkje er i Noregs interesse og me vil stendig utvida handlingsromet. Og det langsiktige målet står fast!

 

Til sist må eg berre få kome med eit lite hjartesukk.

Det er sju månader igjen til valet, men me ser allereie ei tung svartmåling frå opposisjonen si side.

Det er ikkje måte på kor ille det står til.

Men kjære all verda - me har det då godt i landet vårt!

Og det er ikkje tilfeldig. Det kjem ikkje av seg sjølv.

Kloke val har skapt eit godt samfunn.

Me har skjøtta oss vel. Og me skal vera stolte over alt me får til.

Lat dei andre svartmåla.

Så skal Senterpartiet heller vera optimistane som syner og skaper mulegheiter - i heile landet.

 

For det er me som tek heile landet i bruk!