Meny

Om å ta vare på bygdelivet

Ved å ta vare på butikkar og anna lokal verksemd kan ein bidra til å sikre arbeidsplassar lokalt.

Mange ynskjer å bu i levande bygder, men skal ein få til dette treng ein utan tvil arbeidsplassar lokalt.  Ved å ta vare på butikkar og anna lokal verksemd kan ein bidra til å sikre dette, men kva gjer vi som enkeltpersonar for å sikre næringsgrunnlag til verksemdene våre?

Det er lett å verta motlaus og setja seg på røva og tenkje at det er dei høge herrane som legg ned bygda ved å bestemmer kvar verksemder skal halde til, utan å spørja oss, men ein må for all del ikkje gløyme at det er ein sjølv som i stor grad avgjer dette. Det er du som forbrukar som bestemmer kvar du bruker kronene dine og slik gjev butikkar næringsgrunnlag.

No går det sakte, men sikkert mot juletider og gåvehandlinga som høyrer der til.  Vi har alle høyrt dei enorme summane som vert brukt på julegåver og skjønar at dette er ei god tid for butikkar.  Tenk kor mykje det hadde betydd i for butikkane i ditt nærområde dersom du kjøpte gåvene der!

Mange ynskjer ein effektiv julegåvehandel, det er tross alt stress jula handlar om, og  vi reiser kanskje gjerne til større plassar med eit større utval så vi er sikre på at vi finn alt på ein plass. Men, sannsynet er stort for at dersom ein kontaktar ein lokal butikk som ikkje har inne all vara som finst i sortimentet, så er dei meir enn hjelpsame med å bestille det du skulle ynskje.   Ja, kanskje til nokre kroner meir enn i større butikkar og kjeder lenger borte, men naturleg nok kostar det å få frakta vara til butikken, noko som vanlegvis er ein kostnad du dekkjer sjølv ved å reise og hente vara.  I tillegg så kan din handel vera med på å gjera at butikken kan byrja å ha eit større sortiment på lager, og kor bra er ikkje det?    

Alle varer du gjev burt til jul treng heller ikkje å koma frå så langt borte, å tenkje lokale produkt, som både varer og opplevingar,  er og svært gunstig for bygdelivet.  Ved å gjera dette støtter ein ikkje berre at vi skal ha utsal av varer i bygda, men og at vi skal ha verksemder som lagar og tilbyr produkta som vert selde. Dette luktar fleire arbeidsplassar i min nase ,og det luktar godt.  

Men, det er ikkje berre bygdenoreg sine butikkar som er truga. Nyleg fremma regjeringa forslag om at beløpet som du kan handle momsfritt for på nett  frå utlandet skal hevast frå 199 til 499 kroner. Dette vil, om vedtatt, utan tvil føre til at mange vil handle dyrare og større ting frå utlandet. Dette vil vera ein trussel mot alle norske verksemder som naturleg nok ikkje er i stand til å konkurrere med slike prisar, da dei tilsette helst vil ha, løn og andre utgifter kjem i tillegg. Når vi har det lønnsnivåret som vi har så må vi også rekna med at prisane er der etter, høge.  Å ha så låge prisar på all ting er heller ikkje ein ting som vi skal jage etter – kva med kvalitet og at dei som står bak produksjonen av vara får betalt?   

Derfor vert oppmodinga mi: Uansett kva du skal handle eller kva for teneste du skulle hatt – bruk dei lokale - handle julegåvene dine lokalt og gjer ein innsats for levande bygder!

 

Marit Sletten

Fylkesstyremedlem Oppland senterungdom