Meny
Bli medlem

Oma Dahle: Å pisse i buksa for å halde varmen!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Å ta grendeskulane er som å pisse i buksa for å halde varmen! Regnestykket slit fort om familiar videreflytter. Eller me ikkje får tilflytting. Det har me ikkje råd til, skriv gruppeleiar Anne-Nora Oma dahle i Nissedal Sp.

Merkar meg at ordføraren i Nissedal meiner eit vedtak er kun gyldig til eit nytt er fatta. Greit prinsipp. Denne gangen var det freding av skulestruktur som vart gjort om. Å vere politikar er nok som å vere balansekunstner. For kva er då omkamp? Merker meg videre at ordførar var ein del av mindretalet i fredningsvedtaket. For meg liknar dette like mykje på omkamp. Kva då med å vere lojal mot eit fleirtalsvedtak? Umusikalsk å hevde at ein politisk motstander er illojal som etterlyser respekt for fredningsvedtaket.

Å leggje ned grendeskulane i Nissedal gjev ei innsparing på 1,6 av 5,7 millioner for 2014. Ved å leggje ned dei to grendeskulane er me ikkje halvvegs med å finne inndekning. Ein ting er sikkert - å ta skulane fjerner ikkje debatten om eigendomsskatt. Den kjem sterkt! Fordi me har auka lånegjelda og investert. No må nybygga driftast.

Med ynskje om ein god budsjetthaust