Meny
Bli medlem

Oma Dahle utfordrar Kr F og Venstre om ostetoll! - nådestøt for matproduksjon og matindustri i Norge.

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
- Regjeringa sitt varsla ynskje om reversering av ostetollen føyer seg inn i rekka av den nye regjeringa sin næringsfiendtlege politikk. - Ved omfattande kutt i landbruksdepartementet sitt budsjett og auka skatt for bønder, har den nye regjeringa ofra norske matprodusentar til fordel for skattelette for dei som har mest fra før. Når regjeringa no varslar EU om at dei ynskjer å reversere tollvernet i tillegg, er det intet mindre enn brutalt, sier leiar i Telemark Sp Anne-Nora Oma Dahle.
 

- Mister me matprodusentane i Noreg, mister me både identitet, kvalitetsmat og næringsutvikling. Uten matprodusenter i heile landet, mister me mange industriarbeidsplassar. Senterpartiet er alvorleg uroa for matprodusentar som har lagt opp drift og investeringar etter at det skal vere mogleg å leve av landbruk i Noreg. Det er ca 50 000 bønder i Noreg i dag. I tillegg er ca 40 000 mennesker ansatt i den landbaserte matindustrien. Det er mange arbeidsplassar, både i distrikta og i dei største byene, som er avhengig av norsk matproduksjon. At deira arbeidsplasser no kan vere trua, er ein villa politikk fra den blåblå regjeringa si side.

-I budsjettet for i år ligg tollsatsane fast og ein eventuell endring i neste års statsbudsjett forutsetter at eit fleirtal i Stortinget er for reversering. Derfor må alle som ynskjer ein levende matproduksjon i Noreg mobilisere!


Senterpartiet vil utfordre KrF og Venstre. Regjeringspartia har ikkje fleirtal i Stortinget og må ha hjelp av sine støtteparti. Er dette eit ansvar dei to støttepartia vil ha? Er dette ei utvikling KrF og Venstre vil gå inn i historien med? Kva vil dei gjere med postdirektivet og ostetollen? Det fortener alle å få vite.