Meny
Bli medlem

Omkamp om Forsvarets langtidsplan?

Sist endret: 27.09.2020
Ei samla utanriks- og forsvarskomité vil følgje opp gjeldande langtidsplan for forsvaret i samsvar med Stortingets vedtak. Men kor djupt stikk semja? Er forsvarsministeren upresis, eller planlegg ho omkamp? spør Liv Signe Navarsete i dette innlegget.


Av Liv Signe Navarsete, leiar av Senterpartiet og medlem av utanriks- og forsvarskomiteen
 

Ei samla utanriks- og forsvarskomité vil følgje opp gjeldande langtidsplan for forsvaret i samsvar med Stortingets vedtak. Men kor djupt stikk semja? Er forsvarsministeren upresis, eller planlegg ho omkamp?


Store deler av Forsvaret har dei siste åra vore gjennom store omstillingar, og forsvarsgreinene har vore gjennom smertefulle prosessar. Særleg Luftforsvaret står no framfor store utfordringar med å tilpasse organisasjonen til å bli meir effektiv, og å styrke den operative evna.

Lite truverdig
Ei føresetnad for å nå måla, er respekt for at Stortingets vedtak skal bli følgd. I det nyleg vedtekne budsjettet stod forsvarskomiteen samla om å prioritere oppfølging av forsvarets langtidsplan. Det er urovekkjande teikn på at dette er skodespel.

Tillitsvalde varslar om oppbygging av parallelle løysingar, og av kapasitetar som ikkje  inngjekk i forsvarets langtidsplan. Sjølv om oppfølging av langtidsplanen er ei hovudprioritering i budsjettet Stortinget nyleg vedtok, sår den blåblå regjeringa og deira støttespelarar tvil om dei eigentleg meiner det. Regjeringspartia og støttespelarane deira, V og KrF, vil «vurdere behovet for nødvendige strukturtilpasninger, økte ressurser og ytterligere moderniserings- og reformtiltak i sektoren». Skal ein omsetje dette til klart norsk, er det vanskeleg å sjå anna enn at dei dei korkje har evne eller vilje til å gjere det dei lovar i budsjettet som Stortinget vedtok for kort tid sidan.

Forsvarsministeren sjølv er tydeleg uviljug til å klare opp gje tryggleik til dei som er urolege for at Stortingets vedtak ikkje vert følgd opp i praksis av Forsvaret. Eit døme er oppbygginga av CRC Sørreisa, som har vore ei høgt prioritert sak i både langtidsplanen og av lokalmiljøet i Troms. Fleire varslar om at Stortingets vedtak i beste fall blir ignorert.

Skaper usikkerheit
Forsvarsministeren har ikkje bidrege til å dempe uroa rundt oppfølginga av Stortingets vedtak. Spørsmål om i kva grad oppbygginga av CRC Sørreisa blir følgd opp av regjeringa, vart parert med svar pakka inn i rikeleg med ull. Spørsmål om i kva grad regjeringa følgjer opp vedtak om å flytte Generalinspektøren for Luftforsvaret i tråd med Langtidsmeldinga, vart forsøkt parert med at regjeringa vurderer «korleis vi best kan sikre at den operative evna held seg gjennom den store omstillinga som Luftforsvaret skal gjennom». Kva ho no måtte meine med det. 

Respekt for Stortingets avgjersler
Ytterlegare uro vart skapt då Forsvarsministeren i eit møte på Oslo Militære Samfund avslørte at «der forutsetningane har endra seg, må vi vurdere (…) omgjøring av vedtak. Det gjeld spesielt Luftforsvaret».

Forsvarets langtidsplan legg særs gjennomarbeida premissar for Forsvarets utvikling dei komande åra. Det minste Forsvarsministeren kan gjere, er å gje klare svar på om ho har respekt for dei vedtaka som vart gjort der eller ei.  Eg gir ho difor enno ei sjanse til å svare tydeleg på følgjande spørsmål:

Kan Forsvarsministeren garantere at oppbygginga av CRC Sørreisa vert følgd opp, og at det ikkje blir bygd opp parallelle løysingar i Luftforsvarets administrasjon som bidreg til å underminere det Stortinget vedtok i Forsvarets langtidsplan? Kan Forsvarsministeren garantere at flyttinga av Generalinspektøren for Luftforsvaret skjer i tråd med Stortingets vedtak i Forsvarets langtidsplan? Kan Forsvarsministeren garantere at Evenes vert etablert som framskutt operasjonsbase i nord, i tråd med vedtaka i Forsvaret langtidsplan?

I kort: kan Forsvarsministeren garantere at Forsvarets langtidsplan blir følgt opp, og at Stortingets vedtak blir møtt med den respekt dei fortener?