Meny
Bli medlem

Oppsummeringa mi av valargumenta!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Senterpartiet vil ikkje at stortinget skal kunne tvangssamanslå kommunar, det må vera basert på frivillegheit. Berre talet på innbyggjarar er ein dårleg målestokk for samanslåing. Geografiske avstandar og infrastruktur er eit viktigare kriterium, skriv Halvor Lurås, varaordførar i Tinn.

.

  • Vi meiner landbruket må oppgraderast til ei primærnæring slik den fortjener. Dette for å sikre god og trygg matberedskap i ein usikker verden der millionar av menneske svelt. Vi meiner maten er billig i Noreg i høve til lønnsnivået vårt. Beitedyrhaldet må stimulerast til kraftig vekst for å ta tilbake kulturlandskapet og utnytte våre store beiteressursar. Kulturlandskapet er ein viktig føresetnad for at turistnæringa skal kunne bestå og utvikle seg. Rovdyr som bjørn, gaupe, ulv og jerv må sterkt begrensast for å oppnå desse måla og for å avgrense ihelrivne husdyr på beite.
  • Innsigelsestyranniet i plansaker må bringast til opphøyr, i 2013 er det på tide at embetsverket blir frateken makta 100 år etter at allmenn stemmerett blei innført i Noreg.
  • Eigedomsskatten på kraftverk må ikkje takast bort slik blå blått fleirtal vil. Ein kraftkommune som Tinn vil tape kr 79 mill pr år el. 12 % av si budsjettinntekt på det.
  • Arvesølvet, kraftverka, må ikkje seljast ut av offentleg kontroll og ut av landet slik blå blått vil.
  • SP meiner vegane og særleg fylkesvegane er livsnerva for distrikta, og at kraftig auka midlar til vedlikehald av desse er ein føresetnad for utvikling av næringslivet i distrikta.
  • DU er med på å sikre desse punkta ved å stemme Senterpartiet i Telemark og Beate Marie Dahl Eide inn på Stortinget.