Meny
Bli medlem

OPS er budsjett-alkymi

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Steinulf Tungesvik, advokat, fylkesstyremedlem og tidlegare statssekretær i Samferdsledepartementet: Det står fast at OPS (?offentleg-privat samarbeid?)er ein dårleg ide for ein stat med investeringsmidlar på bok. OECD samanliknar det endåtil med «alkymi», altså mellomalderens jakt på dei vises stein, som skulle kunna brukast til å omdanna uedle metall til gull.

”OPS” har vorte eit slags trylleformular for Høgre for å kombinera det umoglege: 1) formell overhaling av handlingsregelen, og 2) endå meir vegbygging enn regjeringa og muligens nedbygging av en bomstasjon eller to for å tekkjast Frp. Eg arbeider titt og ofte med OPS som advokat, og kjenner mekanismane.

Jan Tore Sanner (H) gjekk I Dagens Næringsliv 21/6 rundt min kritikk i same avis 20/6 av OPS som pengesløsing og unndraging av budsjettansvar, då eg kalla OPS for ”ran av skattebetalarane” p.g.a. dyr privat finansiering, gjerne gitt av Høge sine ”rike onklar” som gir pengar til partiet. Sanner kom ikkje på noko betre enn at alle raud-grøne var ”bremseklossar” mot «nye ideer og bedre løsninger». Det siste er årets H-slagord. Ketil Solvik-Olsen (Frp) sannkjende same stad 22/6 at OPS er ran av skattebetalarane, men meinte bompengar var like ille.

Dette er for enkelt av dei fremste mennene til høgrepartia, og eg spår at dei vil brenna seg på å fasthalda OPS som løysing i samferdslesektoren.

For å ta debatten vidare kan me sjå kva Høgre sa då dei sist sat i regjering. Departementet dei med nærast orwellsk nytale kalla «Moderniseringsdepartementet» gav på fallreipet i september 2005 ut rapporten «Brukervalg og konkurranseutsetting», der OPS er eit sentralt tema. Rapporten er ei kokebok for meir privatisering av offentleg verksemd, og me får gå ut frå at dei la sin beste vilje til.

Likevel kom dei ikkje ifrå at ulempene er langt sikrare enn fordelane. Av 5 fordelar er 4 berre «potensielle gevinster». Desse er dei same som Sanner i DN 21/6 innkasserer som sikre: betre vedlikehald, betre kostnadskontroll, raskare etc. Berre éin fordel vert hevda å vera sikker: «Lettere omstilling av offentlige ulønnsomme driftsavdelinger». Det er eit litt anna bilete.

Av 7 ulemper er 4 sikre og 3 potensielle. Dei 4 er: 1) «Tap knyttet til dyrere finansiering». 2) «Svekket budsjettstyring». 3) «Kostnader ved «køsniking»». 4) «Konsulentkostnader og transaksjonskostnader». Moderniseringsminister Morten Meyer (H) rekna dei som sikre. Det gjer dei fleste andre også, utanom Høgre anno 2013.

Som om ikkje det var nok, peikar rapporten på 3 potensielle tap, der den mest alvorlege er tap ved å avstenga seg frå innovasjon og nye løysingar fordi ein bind seg til ein aktør i så ekstremt lang tid, i rapporten kalla «hold-up»: «Utbyggeren vet at han i noen grad kan tvinge gjennom billigere løsninger og «snarveier» etter at kontrakten er signert» og staten går glipp av «reduserte driftskostnader knyttet til fremtidige innovasjoner» fordi desse vil «tilfalle den private part». Kven sa nye idear og betre løysingar?

Konsulent- og transaksjonskostnadene, oppgjevne til 1-2 % av kontraktsummen, dekkjer advokatar og finanshus. For eit vanleg stort prosjekt på 1,5 mrd kr går det med 10-15 mill kr til mi yrkesgruppe m. fl., eller prisen av ein gang- og sykkelveg. Eg har i blant OPS-oppdrag som advokat, trivst med det og har interessant arbeid. Men samfunnet hadde hatt endå betre bruk for sykkelstien.

Solvik-Olsens orsaking med at bompengar er like stort «ran» stemmer ikkje. Bompengane kjem alltid i tillegg til statsmidlane, og må nødvendigvis hentast utanfrå. OPS er å tukla med den statlege delen av vegfinansieringa som normalt er «gratis», og gjera også den like dyr eller dyrare.

For ved å senda kostnaden inn i framtida forsvinn den ikkje, slik Sanner ser ut til å hevda når han skriv at OPS forsikrar mot at skattebetalarane sit att med svarteper. Forskarane Possner, Ryu og Tkachenko kommenterer temaet pregnant i OECD-rapporten «Public private partnerships: the relevance of budgeting» (2008): «In a triumph of form over substance, PPP´s succeed politically through budgetary alchemy – costs don’t disappear, rather they become less immediately obvious through stretching and amortization.»