Meny
Bli medlem

- Pasientfokus eller innteningsjag?

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
- Den økonomiske belønninga som ligg i kva slags diagnoserelaterte gruppe den enkelte pasient tilhøyrer, sørgjer for at pasientfokus heile tida må konkurrera med innteningsjag. Faren for at pasientar som ikkje lønner seg, vert nedprioriterte, er stor, sa Kjersti Toppe i Stortinget.

Kjersti Toppe, Senterpartiets helsepolitiske talsperson, sitt innlegg i Trontaledebatten i Stortinget 23. oktober: 

Korleis vi organiserer sjukehusa våre, er underkommunisert som eit viktig demokrati-, fordelings- og verdispørsmål. I dag vert sjukehusa styrte etter ein føretaksmodell inspirert av private bedriftsmodellar, og der 40 pst. av finansieringa er innsatsstyrt. Det har medført ei marknadsretting av norsk helsevesen der politikarar har valt å tre tilbake til fordel for helsebyråkratar og føretaksstyre der ingen av medlemmene kan kastast ved val.

 

Den økonomiske belønninga som ligg i kva slags diagnoserelaterte gruppe den enkelte pasient tilhøyrer, sørgjer for at pasientfokus heile tida må konkurrera med innteningsjag. Faren for at pasientar som ikkje lønner seg, vert nedprioriterte, er stor. Bestillar–utførar-modellen er skreddarsydd for privatisering og kjøp og sal av tenester, fordi det gjer det enkelt å stykkprisa pasientane. 

 

Føretaksmodellen har vore vellykka med omsyn til å etablera ein liksom-marknad i offentleg helsesektor. Helsetenesteaksjonen som er etablert, er ein motreaksjon på denne utviklinga, med New Public Management som drivande kraft i helsesektoren. Dei vil ta faget tilbake. Senterpartiet støttar desse krava og meiner at sjukehussektoren må tilbake til folkevald styring. Vi vil leggja ned føretaka, rammefinansiera sjukehusa, gi Stortinget makt og desentralisera styringa av sjukehusa til 20 lokale sjukehusstyre der fleirtalet av medlemmene er valt av fylkestinget.

 

Høgre og Framstegspartiet gjekk til val på å fjerna dei regionale føretaka. Dei får no kritikk for ikkje å gjennomføra det dei lovar. Men eg er ikkje overraska. Høgre og Framstegspartiet treng føretaka for å styra helsebutikken dei no skal skapa. Dei har heller ikkje noko politisk nivå å desentralisera makta til når fylkeskommunen skal leggjast ned. Å fjerna dei regionale styra har dessutan ingen verdi utan at det samtidig skjer ei omlegging av finansieringa. Innføring av føretaksmodellen i 2002 hadde klar samanheng med og kom nettopp som resultat av innføring av bestillar–utførar-modellen og innsatsstyrt finansiering i helsevesenet.

 

Då New Zealand og Skottland reverserte føretaksorganiseringa, starta dei ikkje med å fjerna føretaka, men dei starta omlegginga med å fjerna bestillar–utførar-modellen og fjerna innsatsstyrt finansiering til fordel for rammefinansiering. Til slutt fjerna dei dei regionale styra. Dei sa eit endeleg og kompromisslaust farvel til all marknadstenking og marknadsløysingar i helsesektoren. Dei la ned føretaka til fordel for ein demokratisk styrt helsesektor innanfor rammene av offentleg forvaltning. Til og med støttefunksjonar som kafédrift og reinhald vart tatt tilbake til offentleg drift.

 

Høgre–Framstegsparti-regjeringa gjer det stikk motsette. Med Kristeleg Folkeparti og Venstre på slep skal dei auka innsatsstyrt finansiering, dei skal innføra fri etableringsrett for private, og dei skal leggja om til nøytral moms, slik at føretaka lettare kan privatisera endå meir av sine tenester og gjera helsesektoren til ein endå større marknad. Høgre og Framstegspartiet slår fast i regjeringsplattforma at produksjon av velferdstenester skil seg lite frå andre tenester. Det som er så veldig trist, er at dei tar så grunnleggjande feil.