Meny
Bli medlem

- Pengar til full planlegging av fergefri E39

Sist endret: 27.09.2020
- No startar planlegginga av ein opprusta og ferjefri E39 frå Stavanger via Bergen til Trondheim. Vi vil binde landsdelane saman med effektive og trygge vegar, så det blir sett av 500 mill til planlegginga. Dette vil gje ein heilt ny kvardag for Vestlandet, og viser at Sp er SamferdslePartiet, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

 

I det Handlingsprogrammet for perioden 2014-17 som Statens Vegvesen legg fram seinere i haust vil det bli sett av 500 millionar kroner til å planlegging av ein opprusta og ferjefri E39.

Utolmodig

- Eg er svært utolmodig med å kome i gang med dette sambandet som er så viktig for eit sikrare vegnett som er meir framkomeleg, seier Navarsete.

- Regjeringa la i vår fram ein solid Nasjonal Transportplan der E 39 er framheva som eit viktig samband. Nå følgjer vi opp med å sikre pengar til planlegging på strekninga E39 Stavanger - Bergen - Ålesund med tilknytningar og E39 Ålesund - Trondheim, inkludert Ferjefri E39. Senterpartiet vil binde Vestlandet saman gjennom ein opprusta og fergefri E39 i løpet av dei neste 20 åra, seier Navarsete.

SP = SamferdslePartiet

- Senterpartiet er Samferdslepartiet med stor S. Vi har hatt samferdsleministeren i 8 samfulle år, og det er grunnen til at førre NTP er overoppfyld og at den nye NTPen sikrar ei historisk satsing på bane, veg og fly, seier Senterpartleiar Liv Signe Navarsete, som var samferdsleministeren i perioden 2005 - 2009.

- Samferdsle er den viktigaste saka for meg! Næringsliv og arbeidsplassar frå nord til sør er heilt avhengige av god infrastruktur. Fisken som skal frå kysten og ned til marknadene i Europa går ikkje sjølv, for å seie det slik, seier Navarsete.

 

Redusert reisetid med 7-8 timar

- Ein opprusta og ferjefri E39 vil bidra til regionforstørring og meir robuste bu- og arbeidsmarknader. Totalt vil reisetidsvinsten på heile strekninga bli på 7-8 timer, og utbygginga vil knytte saman bu- og arbeidsmarknadane mellom Stavanger og Bergen, i Møre og Romsdal og i Sogn og Fjordane. Dette er distriktspolitikk i praksis! Med Senterpartiet ved roret, skal vi på ny overoppfylle Nasjonal Transportplan. Vi leverer på samferdsle, seier Navarsete.

 

- Vegen vert også vesentlig meir trafikksikker. Det er ingen tvil om at desse forbetringane vil gje ein heilt ny kvardag for oss som bur på Vestlandet, seier Senterpartileiar og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.